Skal effektivisere ferjene

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil finne måtar å redusere kostnadsveksten i ferjedrifta.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil finne måtar å redusere kostnadsveksten i ferjedrifta. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Vegdirektoratet skal greie ut kostnadsreduksjonar i ferjedrifta. På tide, meiner Frank Willy Djuvik.

DEL

– Det er nødvendig å få fram opplysningar og vurderingar for å gjennomføre tiltak for meir effektiv drift og meir effektiv bruk av offentlege midlar til kjøp av ferjetenester, seier samferdsleminister Ketil solvik-Olsen i ei pressemelding.

Bakgrunnen er sterk trafikkauke og vekst i kostnadene som pregar drifta av riksveg- og fylkesvegsferjene. Det er også meldt behov for auka løyvingar til offentlege kjøp av ferjetenester, melder Samferdslesdepartementet.

Utgreiing mot kostnadsvekst

Samferdselsdepartementet har bede om at Vegdirektoratet innan utgangen av november i år skal komme med ei vurdering av kva forhold som særleg fører til kostnadsvekst i ferjedrifta.

Vegdirektoratet skal også vurdere om sjølve utforminga av anbodsordninga bidrar til kostnadsvekst og om det er mogleg og få til endringar i utforminga, med sikte på reduserte kostnader, heiter det i pressemeldinga.

Andre spørsmål direktoratet skal ta stilling til gjeld styrking av Statens vegvesen si rolle som kjøpar av transporttenester og moglege grep for å betre konkurransesituasjonen i ferjemarknaden.

Ønskjer raske tiltak

Fylkesleiar i Sogn og FJordane Frp, Frank Willy Djuvik, er positiv til utspelet frå partifellen sin.

– Vi har sett kostnadsauker på alt frå 25-40 prosent på kontraktene, og dette har fått store konsekvensar for andre samferdslesatsingar i fylket. Det er svært gledeleg at regjeringa og FrP-statsråden tek dette på alvor, og i tillegg er tydeleg på at ein her krev raske svar for å kunne innføre raske tiltak, seier Djuvik.

Artikkeltags