Sjur Haugen kan sykle på vatnet

Sykkelbåten vart laga i sommar av Sjur Haugen og far hans Jan. No skal den bli raskare, om Haugen får det som han vil.

Sykkelbåten vart laga i sommar av Sjur Haugen og far hans Jan. No skal den bli raskare, om Haugen får det som han vil. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

No vil sunnfjordingen ha sin nybygde sykkelbåt til å gå endå raskare.

DEL

– Sykkelbåten har vi bygd berre for moro, seier Sjur Haugen (33) frå Dale i Sunnfjord.

Han var lei av å ro rundt på vatnet ved Steiestølen, der han har hytte. Då dukka ideen om å lage ein sykkelbåt opp.

Fekk hjelp av far

Sjur Haugen allierte seg med far sin, Jan A. Haugen, og bygde sykkelbåten i løpet av ei sommarhelg. Først jonsokaftan i år kunne "båten" sjøsetjast.

– Men den var ikkje perfekt. Det var berre born som kunne bruke den. Skulle eg prøve, berre kvelva den. Vi hadde behov for fleire flyterøyr, forklarar han.

Origo-sida til Fjaler har Magnus Løvik lagt ut ein haug med bilete av den nokså spesielle gjenstanden.

Fri for hestekrefter

Det vert spurt om kor mange hestekrefter denne sykkelbåten har, men at den har nokre i det heile, kan Haugen avkrefte med ein gong.

– Den har éi menneskekraft, seier han.

Båten driv framover som ein vanleg sykkel – ved hjelp av å trø. Bak har den ein propell. Den held seg over vatnet ved hjelp av fire flytetønner, eller røyr. Sykkelen er eigentleg ein gammal trimsykkel.

– Eg har ei lita dotter på 2,5 år, så ho får nok ikkje glede av denne på ei stund, men eg har nokre yngre søsken som gjerne tek seg ein tur – med redningsvest på, seier han.

Raskare?

Sykkelbåten er framleis ikkje heilt perfekt: – Eg vil sette på ein sterkare propell, og gjere den tyngre bak. Eg anar ikkje kor fort den går no, men eg vil ha den til å gå litt raskare. Akkurat no held den gangfart, forklarar 33-åringen frå Dale.

Artikkeltags