Akutt psykiske sjuke fangar ved Vik fengsel blir nekta innlegging. Årsaka er at Helse Førde meiner dei innsette trass alt blir teke vare på i fengselet.
Markant auke i psykiske sjuke
Særleg er det i periodar der det er lite plassar i psykiatrien at det er vanskeleg å få akuttinnlagt fangane, fortel leiinga i Vik fengsel til Bergens Tidende laurdag.
Fengselet har hatt ein markant auke i talet innsette med psykiske lidingar, ADHD og rusproblem dei sister åra, fortel leiar i fengselet, Roy Egil Stadheim.
- Sikra i fengselet
Ifølgje fengselet argumenterer Helse Førde med at dei psykiske sjuke fangane er sikra i fengselet og at andre pasientar difor kjem framfor i køen.
– Men vi har ingen kompetanse eller kapasitet til å ta oss av akutt sjuke menneske, seier han og viser til at dei også ikkje har bemanning til å føre tilsyn 24 timar i døgnet, seier Stadheim til avisa.
Helse Førde:- Må sjå på rutinane
– Dersom dette stemmer, må vi sjå på rutinane og systema våre på nytt, seier Mads Rekve, fungerande direktør for psykisk helsevern i Helse Førde til Bergens Tidende.