Sjuk student? Då får du det betre neste år

Neste år vil det bli betre tilhøve for både sjukepleiarstudentar og andre studentar som vert sjuke.

Neste år vil det bli betre tilhøve for både sjukepleiarstudentar og andre studentar som vert sjuke. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Frå neste sommar kan sjukmelde studentar med deltidsjobb også få sjukestipend frå Lånekassen. Det skal ligge inne i forslaget til stadsbudsjett som regjeringa legg fram i oktober.

Det er nettavisa for Høgskolen i Oslo og Akershus, Khrono, som skriv dette i dag.

NAV og lånekassen

Slik reglane er no så vil ein deltidsarbeidande student som får sjukepengar frå NAV ikkje ha rett til sjukestipend frå Statens lånekasse. Det er dette regjeringa no vil endre på.

– Det er svært mange studentar som jobbar deltid i dag. Det synast urimeleg at studentar som er sjuke og har ein jobb, og dermed får sjukepengar, ikkje har same rettar overfor lånekassen som studentar som ikkje har deltidsjobb. Regjeringa forslår å gjere det mogleg å kombinere sjukepengar frå folketrygda med sjukestipend frå Lånekassen, seier stortingsrepresentant Henrik Askheim frå Høgre.

Han meiner at endringa vil føre til at 1750 fleire studentar vil kunne få sjukestipend.

Gammalt krav

Tanken er at frå neste sommar skal stipendet frå Lånekassen bli avstemt opp mot beløpet som studenten får frå Nav. Norsk Studentorganisasjon har lenge hatt krav om forbetring av sjukestipendordninga på sei ønskjeliste.

(ANB)

Artikkeltags