Sjølvberga på kraft

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

Det har kosta pengar, men etter eitt års drift byrjar Egil Hjelmbrekke å sjå lønsemda i eige småkraftverk. To vassturbinar i jamn dur er pengar spart, og ikkje minst tent.

DEL

-Det har gått strålande. Anlegget går stort sett av seg sølv. No om sommaren bruker eg ikkje meir enn ein times tide per veke på å sjå til stasjonen. Informasjonen eg treng får eg på mobilen.

Innehavar Egil Hjelmbrekke sette liv i planane om å byggje kraftverk på Jølstraholmen. 20. september har anlegget vore drifta i eitt år. Resultatet er allereie merkbart.

-Best å eige sjølv

-Årsproduksjonen til kraftverket ligg på 2GWh, medan campingplassen og servicesenteret samla brukar om lag 900000KWh. Det vil sei at vi sel i overkant av halvparten av krafta, seier den strålande nøgde kraftprodusenten på Vassenden.

Etter dagens kraftprisar ville straumforbruket til Jølstraholmen kosta om lag 700000kroner årleg. I tillegg til å spare dette, tener Hjelmbrekke gode pengar på krafta han sel til Sunnfjord Energi sitt linjenett.

Han anbefaler på det sterkaste folk å nytte seg av fallrettane sine, men har ei klar formeining om korleis dei bør gå fram.

-Eg håpar folk som har moglegheit til det, byggjer ut, men dei bør eige anlegget sjølv. For meg har det vore viktig at inntektene frå kraftproduksjonen skal bli verande i bygda, og ikkje hamne i nevane på store selskap som BKK og Sunnfjord Energi.

-Mitt råd er at folk bør snakke med folk som har bygd seg kraftverk, og hauste erfaring. Småkraftforeininga er objektiv og sit på mykje kunnskap.

Ikkje berre for pengesterke

Hjelmbrekke har sitt eige linjenett, men trur dei fleste er best tent med å selje all krafta til hovudnettet.

-Her på Jølstraholmen er det litt spesielle forhold. Vi brukar mykje straum, og kraftverket ligg midt på området. Difor vart det naturleg med eige nett. For eit vanleg gardsbruk vil det nok ikkje svare seg, trur Hjelmbrekke.

Sjølv om småkraftverket på Jølstraholmen har kosta 5millionar kroner å realisere, er Hjelmbrekke oppteken av at småkraft ikkje berre er for pengesterke.

-Det høyrest voldsamt ut, men det er ikkje store kapitalen ein treng å gå inn med i slike prosjekt. Dersom ein er fleire i lag, treng ikkje eigenkapitalen vere på meir enn nokre hundre tusen kroner. Dersom andre får eige, sit ein att med smular. Bankane har dessutan vorte meir positive etter kvart som kraftprisane har stabilisert seg på eit høgt nivå, seier Hjelmbrekke.

-Småkraft best for Jøstra

Kraftverkeigaren meiner omsynet til miljøet er godt i vareteke også etter kraftutbygginga på Jølstraholmen.

-Vi tappar berre tre kubikk vatn per sekund frå elva. Sjølv med lågaste vassføring vinterdagen, held Jølstra ei vassføring på om lag 10kubikk i sekundet. Difor meiner eg vårt inngrep i elva er lite synleg dei 200metrane vi tappar ho.

Planane til Sunnfjord Energi om ei større utbygging langs Jølstra, stiller Hjelmbrekke seg meir tvilande til.

-Eg har tru på at fleire bør byggje ut. Men ei utbygging i den storleiken Per Storegjerde har signalisert, trur eg vil ha stor innverknad på vassføringa i elva. Den beste løysinga vil vere fleire småverk, tru kraftprodusenten.

Artikkeltags