Sjeldan fugl kom tomhendt

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Ein stork har vore på besøk i den vesle bygda Bjordal på sørsida av Sognefjorden dei siste to dagane. Men han hadde dessverre ingenting å levere.

DEL

Bente Bjordal på Høyanger sørside fekk torsdag ettermiddag sjå ein svært sjeldan gjest så langt nord. På ei mark i nærleiken av bustaden hadde ein stork slått seg ned i høljregnet:

- Vi fekk teke nokre bilete, men han likte ikkje at vi vart for nærgåande. Då flaug han sin veg, seier Bjordal til firda.no. Fredag føremiddag dukka fuglen opp på ny. Men han var like sky, og stakk av då dei skodelystne nærma seg.

- Så vidt eg veit leverte den ingen baby i bygda, ler Bjordal, som sjølv er mor til ein og seier det ikkje har noko bråhast med neste.

Andre eksotiske besøk:
- Hundrevis av delfinar i Sognefjorden


- Trekkjer feil veg

Ornitolog Tore Reinsborg i Norsk Ornitologisk Forening stadfestar at det er fint bilete av ein stork Bjordal har teke. Han fortel at det hender at fuglane trekkjer feil veg på sør-austlege vindar.

- For ei stund sidan vart det sett stork i Vest-Agder, og det kan hende at det er same fuglen som no har kome til Sogn og Fjordane, seier Reinsborg til firda.no.


Overvintrar ikkje

Fuglen livnærer seg gjerne på småkryp som han finn på jorde, og leveområda er knytt til kulturlandskapet. Men om det skulle bli snø i helga forsvinn han nok for godt, i følgje ekspertane.

I følgje Wikipedia er storken utbreidd i det meste av Aust-Europa. Det finst også bestandar i Spania og Portugal, og enkelte stader i det øvrige Europa. Bestandane i Vest-Europa har vist sterk nedgang de siste tiåra.

Storken er sjeldan å sjå i Skandinavia, men det finst framleis nokre få par i Danmark.

Artikkeltags