Sjekk den lista!

Gunnar Garfors (t.v.), Øystein Djupvik og Tay-young Pak tangerte verdsrekorden.

Gunnar Garfors (t.v.), Øystein Djupvik og Tay-young Pak tangerte verdsrekorden. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Nederland, Belgia, Luxemburg, Frankrike, Tyskland, Liechtenstein, Sveits, Italia, Austerrike, Kroatia, Bosnia og Hercegovina, Montenegro, Albania, Kosovo, Makedonia, Serbia og Bulgaria. Alt på 24 timar.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Vi sikta høgt, bomma på eit fly og mista tre timar, seier Gunnar Garfors etter verdsrekordforsøket som starta ved midnatt natt til torsdag.

Lang liste

Målet var å slå rekorden på å besøke 17 land på 24 timar. Men ny rekord vart det ikkje.

Les også: Ved midnatt startar Gunnar og venene jakta på verdsrekorden

– Nederland, Belgia, Luxemburg, Frankrike, Tyskland, Liechtenstein, Sveits, Italia, Austerrike, Kroatia, Bosnia og Hercegocina, Montenegro, Albania, Kosovo, Makedonia, Serbia og Bulgaria. Berre Hellas stod mellom oss og versrekorden, og vi var berre 25 minutt unna, seier Garfors.

Ikkje ny rekord

Den utflytta naustedølen er overvelda over kor mange som har følgd med på rekordforsøket på nettsida hans, og dei har mellom anna fått kontakt med rekordhaldarane undervegs.

– Det varmar at så mange har vore interessert i å følgje oss. Og trass i at det ikkje vart ny rekord, så har det vore kjempegod stemning i gjengen sjølv om den personlege hygiene har fått gjennomgå etter 52 timar utan dusjing. Det er trass alt ein verdsrekord, så det skal ikkje vere lett å slå. Dei som har rekorden følgde oss tett på nettet, og hadde nokre spente minutt på slutten, ler Garfors, som ikkje avvsier eit nytt rekordforsøk i framtida.

Feiring med champagne

Men sjølv om verdsrekorden på tal land i løpet av 24 timar ikkje gjekk som planlagd, kan Garfors avsløre at dei slo til med i alle fall ein verdsrekord undervegs.

– Mellom anna køyrde Øystein til alle dei 17 landa på 24 timar. Ingen andre har gjort det, seier han.

Rekordhaldaren sjølv er meir avslappa til rekorden.

– Det er klart det er kjekt, og eg har køyrt kring 180 mil på 24 timar. Men det er ikkje sånn at eg står og jublar, sjølv om det så klart har vore moro, seier Øystein Djupvik, som har fått kontrastfylte erfaringar med vegane i Europa.

– Det var alt ifrå Autobahn med utruleg god standard til forferdelege vegar i enkelte andre land. Men alt i alt var det mykje bra veg, fortel Djupvik.

Les også: Fem kontinent på ein dag - no er han i Guinness rekordbok

Reisefølget tek turen vidare frå Bulgaria til Dubrovnick fredag, og flyg heim til Norge laurdag.

Artikkeltags