Sjark køyrde på grunn

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Politiet fekk i ettermiddag melding om at ein sjark hadde køyrt på skjeret Fløneset ved Batalden, melder Sogn og Fjordane politidistrikt på loggen sin.

Ifølgje den som varsla politiet, såg det ikkje ut som nokon var i naud, og det låg ein liten båt attmed havaristen.

Ingen ropte heller til melder og bad om hjelp då dei køyrde forbi.

Politiet skriv at saka blir sjekka ut ved hjelp av Hovudredningssentralen (HRS) og Redningsskøyta.

Seinare melde HRS frå om at sjarken hadde alt skaffa hjelp på eiga hand og ikkje trong redning

Artikkeltags