Sjampis for kul båt

FEST: Det var mykje folk, både inviterte gjestar og andre interesserte, som hadde funne vegen til  dåpsseremonien og omvisinga  om bord på «Artic Fjell». (Foto: Knut Magnussen)

FEST: Det var mykje folk, både inviterte gjestar og andre interesserte, som hadde funne vegen til dåpsseremonien og omvisinga om bord på «Artic Fjell». (Foto: Knut Magnussen)

Artikkelen er over 4 år gammel

– Ein kul båt treng ei kul gudmor, sa reiar Ove Vilnes, då kona Lindy fekk æra av å døype «Artic Fjell».

DEL

Flagg, hornmusikk og lettskya mildt vêr var ramma rundt skipsdåpen i Florø laurdag, då Vilnes-reiarlaget døypte sitt nyaste skip, «Artic Fjell», det sjette fôrskipet reiarlaget eig. Alle går i fraktfart med fiskefôr frå EWOS-fabrikken i Florø, og derfor var også dåpen lagt til kystbyen i Sunnfjord då det 70 meter lange fôrfrakteskipet til ein verdi av 150 millionar fekk namn laurdag.

Avansert skip

Artic Fjell er bygd ved eit verft i Gdansk i Polen, men lokale underleverandørar har vore inne i bildet, mellom anna Sigurd Solberg AS i Florø som har levert skipselektronikken, og Bygstad montering som har innreia skipet. Skipet er designa av Multi Maritime AS i Førde.

«Artic Fjell» er det mest avanserte skipet i sitt slag i verda, mellom anna med heilt nytt laste og lossesystem. Og medan dei andre Artic-skipa er spesialskip berre bygd for å frakte fiskefôr, har «Artic Fjell» lastesiloar som kan takast ut, og der med relativ enkelt kunne nyttast til andre fraktoppdrag dersom det skulle bli naudsynt. Det er også lagt stor vekt på at skipet skal vere energisparande.

Første forsøk

Gudmora, Lindy Vilnes, greidde å knuse den tradisjonelle champagneflaska i skutesida på første forsøk. Deretter vart det ope skip, så dei mange nyfikne, både inviterte gjestar og andre, fekk komme om bord. Artic-reiarlaget sette så avgjort sitt preg på hamnebildet i Florø uder dåpen, for langs Fugleskjæra låg også dei to Vilnes-skipa «Artic Fjord» og «Artic Lady», sjølvsagt flaggsmykka for å gjere stas på det nye flaggskipet i Vilnes-flåten.

Etter dåp og synfaring var det festmiddag med over 200 gjestar til stades.

Artikkeltags