Gå til sidens hovedinnhold

Sjå Rotevatn synge ut i vegkampen

Artikkelen er over 8 år gammel

Kuppa valkamp-opninga med stev om bru over Nordfjorden.

Aller sist i eit relativt tannlaust folkemøte som markerte opninga på stortingsvalkampen i fylket, fekk Sveinung Rotevatn ordet. Etter at den eine stortingskandidaten etter den andre hadde lulla oss nesten i søvn med den vanlege messinga om dei vanlege sakene, fleska Rotevatn til med eit stev om E39 som fekk dei 300 frammøtte til å juble. Stevet gjekk på melodien til «Ola Tveiten»:

«Eg heiter Sveinung Rotevatn og eg er ein Venstre-mann, Eg eig ein iPhone og meg sjølv, og eg gjer så godt eg kan», song Rotevatn, og fortsette:

«Og Bjørn søv i sitt vinterhi, men det gjer ikkje eg

For no veit vi alle: Vi skal ut og byggje veg.

Midt i Nordfjord skal han gå, sudelida, sudelidei

På Lote-Anda skal brua stå, sudelida, sudelidei.

Ikkje kødd med E39, om ikkje han ligg der til evig tid,

Skal eg ete opp lua mi, sudelida, sudelidei

Trala-lalalala, no skal vi bygge bru!» song Rotevatn, til ellevill jubel frå salen.

Reite glimra

Rett skal vere rett, heilt daudt var det ikkje før dette heller. Ordstyrar Hans Jakob Reite drog opp temperaturen med morosame innspel og friske introduksjonar, han var bokstaveleg tala høgt og lågt, pløygde seg gjennom dei 300 publikummarane på jakt etter folk som ville stille spørsmål, hogg av taletrengde kandidatar med fleire ord enn bodskap på hjartet, sendte ordet som ein sprettball mellom kandidatane, gjorde i det heile ein glimrande jobb. Utan han (og Rotevatn, som redda showet i siste minutt, bokstaveleg tala) ville det vore ei sørgjeleg førestilling.

For det vart stort sett som venta:

Rotevatn (V) snakka i intellektuelle vendingar om kor viktig EØS-avtalen er, slik at ein kan få tilgang til billeg arbeidskraft frå utlandet når ein treng det (!), og kor viktig det er for norske bønder å få kunne selje alkohol produsert på eigen gard. For eksempel.

Tor Bremer snakka i folkelege vendingar om korleis Ap hadde styrt landet (og landbrukspolitikken) sidan yngre steinalder, og at det stort sett hadde gått bra. Ros skal han ha for motet til å slå fast, i pelsdyrkommunen Gloppen, at pelsdyrnæringa har brukt opp tilliten, ikkje berre hos politikarane, men i heile folket, og at den måtte ein berre legge ned.

Trude Brosvik (KrF) snakka i mjuke og snille vendingar om det kristne verdigrunnlaget for både det eine og det andre, og då også (så vidt eg forsto) landbrukspolitikken. Og at sidan KrF hadde sikra husmødrer pensjonsrettar, hadde dei nok bra truverde når det gjaldt å sikre bondekoner det same.

Navarsete ufin

Liv Signe Navarsete snakka med ein statsråds tyngde, uansett kva ho snakka om, og når ho var på utrygg grunn, vart ho ufin og harmdirrande.

Frank Willy Djuvik (Frp) snakka entusiastisk om landbrukspolitikken sin, sjølv om enkelte i publikum høglydt presterte ein tilgjort latter når han kom til poenga sine.

Vibeke Johnsen (SV) snakka varmt og engasjert om klimapolitikk og kor gale det er i ferd med å gå, men kor glade vi kan vere for at vi enno har ein sjanse til å redde verda og stogge den globale oppvarminga før den har auka meir enn to grader. Hurra.

Og Bjørn Lødemel fortalde litt sånn personleg om kva han hadde opplevd på Stortinget, sote i komitear og arbeidd med både det eine og det andre. Og korleis det var å drive ein liten bokhandel i Hornindal, og korleis det hadde parallellar til landbrukspolitikken.

Ellers kom det bestilte spørsmål frå salen, deriblant tjukt av bønder som stilte lure spørsmål som var meint å få Senterpartiet til å sjå ut som løysinga på alt.

Kjerringa på auksjon

Påfallande stille vart det i panelet, då ei jente i salen tok opp debatten om strukturen i den vidaregåande skulen. Då trykte dei som ryper. Den einaste som tok opp hansken, var Frank Willy Djuvik, som vart direkte utfordra.

– Frp var bekymra for at det til sommaren kan bli vedteke noko som ikkje er konsekvensutgreia, og difor ville vi ha utgreidd konsekvensane av ei nedlegging av Firda, sa han. Og meir vart det ikkje sagt om det. Det var ingen som hadde lyst til å seie noko om den saka.

- «Då vart det stilt i stova», sa Reite, og mumla for seg sjølv (men heldigvis også inn i mikrofonen) «..då kallen bydde fram kjerringa på auksjon». Truleg ei anekdote frå eit slektsstemne på Sunnmøre.

– Eitt blaff av temperatur kom det, då Frank Willy Djuvik spurte Liv Signe Navarsete kvifor det er akkurat bønder som skal subsidierast og tillitsbeskyttast så dei kan motstå konkurransen frå utlandet, og ikkje folk i andre bransjar, som t.d. aluminiumsarbeidarar og fiskeindustriarbeidarar?

– Djuvik kvista Navarsete

– Fordi bønder må tole konkurranse med lønsnivået i land som Spania, som har eit langt lågare lønsnivå enn i Noreg. Og det blir ikkje rettvist, når dei må konkurrere med land der lønsnivået er langt lågare enn det er her. Folk kan komme frå utlandet og jobbe i Noreg, men då får dei norske løner, og ikkje spansk løn, sa Navarsete, så harmdirrande, at ein skulle tru ho var presten, og Djuvik hadde banna i kyrkja. Og i storsalen på Sandane er kanskje ikkje det noko dårleg bilde på det som skjedde.

– Unnskyld meg, sa Djuvik, men Navarsete sa at folk i fiskeindustrien og aluminiumsindustrien ikkje må konkurrere med utanlandske løner, men det må dei. Det er sånn det er.

– Eg sa ikkje det, sa Navarsete. Og ho sa vel kanskje ikkje akkurat det. Men det var neimen ikkje langt unna.

– Litt irriterande vart det og for Navarsete etter hennar sjølvsikre utlegning om for ein jobb Sp har gjort for bøndene i dette landet, når Djuvik fleire gonger hamra inn at etter åtte år med raudgrønt styre er 6000 gardsbruk, eller to tredjedelar av næringa, nedlagt.

– Eg får lyst til å snu litt på det Navarsete sa her i stad, om at «høyr ikkje på kva folk seier, men sjå på kva dei gjer»: Senterpartiet sitt motto burde kanskje vere: «Høyr på kva vi seier, sjå ikkje på kva vi gjer», sa Djuvik.

– Hadde det vore ein annan stad, ville fasit vore at han vann debatten. Men ein Frp’ar vinn ikkje ein debatt på Sandane. Så enkelt er det.