Sjå livet på plattforma

Artikkelen er over 5 år gammel

Firda blei med til Gjøa.

DEL

- Det har vore utruleg lærerikt, spanande og fascinerande å sjå korleis eit samfunn arbeidar her ute i havet. Eg kjem gjerne igjen, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes etter at besøket på Gjøa-plattforma er over. Tysdag tok ho og fylkesutvalet turen ut til plattforma like utanfor Florø.

- Ei stor oppleving
Jenny Følling (Sp) var i ekstase etter besøket på plattforma.

- Det var ei stor oppleving. Det er første gong eg har vore på ei plattform, og det var litt fascinerande å komme ut i Nordsjøen, lande på ei plattform og der ligg det eit heilt samfunn. Og så er det ein fantastisk industri og stor ressurs som skaffar samfunnet store inntekter, seier Senterpartipolitikaren, som var noko overraska over kor mange som jobba på Gjøa.

- Det er Interessant å sjå korleis dei driv industrien med eigne auge. Men det var overraskande lite folk her, seier Følling.

- Kunne tenkt meg jobb her
Ei anna av fylkespolitikarane som lot seg imponere av plattformlivet var Olin Johanne Henden (H).

- Dette var veldig kult. Eg har aldri vore på plattform før, men dette var imponerande. Ikkje minst er det interessant å sjå denne delen av næringslivet i fylket. Eg trur faktisk eg kunne tenkt meg å jobbe her sjølv, seier Henden.

Tru på framtida
Følling er ein av politikarane som ser lyst på framtida for oljenæringa i fylket. Likevel saknar ho noko av effekten frå næringa.

- Det er spådd fleire tiår med oljeindustri i fylket, og dette er ein industri vi vil ha lenge. Det å høyre at det prøveborast på i nærleiken av Gjøa er spanande. Det var veldig kjekt å få vere med og sjå korleis livet her ute er. Ein får mykje betre forståing for kva som skjer der når ein ser det sjølv. Sogn og Fjordane har komme bra med dei siste åra, men fylket har framleis potensial i forhold til ringverkingar opp mot petroleumsindustrien, meiner Følling

Artikkeltags