Sjå kva mauren kan gjere i huset ditt

Her er det tett i tett med maur i isoporen som vert brukt som isolasjon.

Her er det tett i tett med maur i isoporen som vert brukt som isolasjon. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Hus isolert med isopor kan bli kostbart.

DEL

Det er blitt vanlegare å nytte isopor som isolering i hus dei siste åra - det er til stor begeistring for mauren.

- Isopor vert nytta som isolasjon under støypte flater og som ein del av forskallingar. Maur har lettare for å grave stiar, og lage reir i isopor, enn i tre. Viss det i tillegg er snakk om isopor i nærleiken av varmekablar, er forholda perfekte for mauren. Då har dei det varmt heile tida, og trivst dermed godt, sidan dei ikkje likar temperaturar under åtte gradar, seier Peter Hjuler i Bayer Garden til nyheitsbyrået Newswire.

Fins ei løysing

Det er hovudsakeleg stokkmaur, sauemaur og svartmaur som etablerer seg i isopor. Det resulterer i maur både inne og ute.

- Ein måte å få has på dei, er å leggje ut såkalla granulert åte, eit korna, sukra maurmiddel. Det ideelle er å strø det direkte inn i mauren sine inngongar.

Då tek mauren med seg middelet inn i "maursamfunnet", der det startar å fungere seier Hjuler.

Oppsøk profesjonelle

Viss maurproblemet er stort, bør ein heller ty til profesjonell hjelp, enn å eksperimentere med maurmiddel på eigahand.

Tønsberg Skadekontroll har spesialisert seg på maur og maurskader i isopor.

- I enkelte hus vi besøker, er isoporen gjennomhola av gangar, med maur i tusental fortel Kenneth Ervik til Newswire.

Mauren kjem seg inn gjennom sprekkar i betongen eller utette røyrgjennomføringar, dette er noko ein bør halde utkikk etter.

- Eit førebyggande tiltak er å tette igjen potensielle innfartsårer. Roteskada tre er også eit bytte for mauren, og ein gylden regel bør vere at svekka materiale hus bør utbetrast eller byttast ut seier Ervik.

Forskjell på skadene

Det er forskjellar mellom maur og kor stor skade dei forårsakar. Stokkmauren er den einaste arten som kan gå laus på friskt trevirke. Andre artar etablerer seg berre i roteskada materiale.

- Ein skal passe seg for å gå laus på stokkmaur på eigahand. Ved forstyrring har dei ein tendens til å flytte på seg, og dermed skape endå meir skade seier Ervik.

Artikkeltags