Klokka 22.00 kom både Førde Brannvesen og Sivilforsvaret med pumper for å starte lensinga av Sentrum Sør i Førde. Store deler av sentrum stod under vatn etter at overflatevatn hadde funne nye vegar ned fjellsida.
BAKGRUNN: Jobbar på spreng mot vatnet
Alvor
- Dei startar no lensinga, og situasjonen ser no ut til å roe seg, seier Torbjørn Thue som er innsatsleiar for Førde-politiet.
Han viser til at nedbørsmengdene har avtatt noko den siste halve timen, og at kommunen har fått opna dei nødvendige slusene slik at mesteparten av vatnet finn riktig veg. Størst problem hadde dei med overflatevatn i området mellom Statoil-stasjonen og Bergegården.
LES OGSÅ: Grotle: - Vi skal ikkje evakuere
- Men vi held framleis E39 stengd gjennom Sentrum Sør. Det er store vassmengder og mykje stein i vegbana, seier Thue og viser til at politiet har eit nært samarbeid med den kommunale beredsskapsgruppa.