Gå til sidens hovedinnhold

– Siste sjanse til å berge felgpatentet

Artikkelen er over 12 år gammel

Telefonmøte med LO-leiar Roar Flåthen før morgondagens styremøte i Innovasjon Norge.

Landsorganisasjonens distriktssekretær Arvid Langeland og dei tillitsvalde ved Fundo Wheels håpar LO-leiaren skal kunne påverke Innovasjon Norge til å bli med på ei løysing som hindrar at patentet for hybridhjulet forsvinn ut av landet.

LO-leiar Flåthen sit i styret for Innovasjon Norge, som skal ha styremøte i morgon. Det møtet er nok siste sjanse, seier Langeland.

I kveld går det som så langt ser ut til å bli siste produksjonsskift ved felgfabrikken i Høyanger. Rundt 300 tilsette misser jobben, når kommunens største arbeidsplass stengjer dørene.

Telefonmøte

– Flåthen har bede om å bli orientert om situasjonen rundt Fundo. Vi tek sikte på å ha eit telefonmøte med han i forkant av styremøtet, seier Langeland til firda.no.

– Eg meiner det er utruleg viktig at vi greier å halde dette felgpatentet på norske hender. Det handlar om ein felgtype som er utvikla over år, som har kosta enormt med pengar å utvikle, og som er framtidas miljøfelg. Vi snakkar om nyskaping og vidareforedling, i eit land som i altfor stor grad er råvareeksportør. Det vil vere tragisk, om utviklinga og produksjonen av denne framtidsfelgen glepp ut av hendene våre, seier Arvid Langeland.