Siste bit på plass for ingeniørutdanninga

Adm.dir. Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane, nettdirektør Asgeir Aase i SFE og nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi er samde om det har vore viktig å få på plass på elkraftstudiet ved ingeniørhøgskulen.

Adm.dir. Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane, nettdirektør Asgeir Aase i SFE og nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi er samde om det har vore viktig å få på plass på elkraftstudiet ved ingeniørhøgskulen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Det er heilt fantastisk. Dette vil bidra til at verdiskapinga i energifylket Sogn og Fjordane blir verande lokalt.

DEL

Siste bit av finansieringa har komme på plass for elkraftstudiet i Førde. Det legg ikkje Helge Robert Midtbø i Sunnfjord energi og resten av kraftbransjen skjul på at dei er nøgde med. Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga har gått inn med 1,5 millionar kroner som har mangla på 12,5 millionar kroner i ekstern kapital for å drifte studiet i to år, og finansiere eit topp moderne laboratorium.

Eit anna viktig steg var då kunnskapsminister Kristin Halvorsen drog rett tilbake til Oslo siste veka i valkampen og skreiv 20 studieplassar i Førde inn i statsbudsjettet.

Behov for utdanninga

Dermed er den løpande finansieringa på plass. Så no gjeld det å jobbe med rekrutteringa. Utfordringa blir å få dei unge til å velje realfag og for vår del ønske dei inn på elkraftstudiet, seier Midtbø.

Styrken er at det er skapt eit tungt miljø i elektrofaget.

– Vi har elektro på vidaregåande, på teknisk fagskule og på ingeniørutdanning. Mange bedrifter tilbyr lærlingplassar, sommarjobbar og utplassering av prosjektoppgåver. Det gir robust miljø og bygger opp om studiebyen Førde, seier Midtbø.

Han vedgår at han knapt trudde at dei ville lukkast då kraftbransjen i 2011 begynte å jobbe seriøst med ei ingeniørutdanning for å sikre rekrutteringa. I fjor vart det teke opp 20 studentar, i år 21 og med 20 til neste år pluss elevar på forstudium vil det vere nærmare 100 ingeniørstudentar i Førde.

Det er behov for det nye studiet. Sogn og Fjordane vil nemleg trenge minst 120 nye ingeniørar dei neste 10 åra.

– Verdiskapinga vil bli her

– Det er heilt fantastisk, seier Midtbø som meiner dette også vil bidra til at verdiskapinga i energifylket Sogn og Fjordane blir verande lokalt.

Vi har 80 småkraftverk i fylket, og 80- 100 til skal utviklast, byggjast og driftast. Her er det også nisjar som gründerar kan operere i, seier Midtbø.

Adm.dir. Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner elkraft-satsinga er viktig for fylket.

– Med dette tek vi eit sjumilssteg mot å vere sjølvforsynte på kompetanse til å a energiressursane i bruk, seier han.

Nettdirektør Asgeir Aase rosar både sparebanken og dei andre aktørane som har bidrege.

Den raske etableringa syner kva ein kan få til med lokal kompetanse og lokal kapital, seier han.

Artikkeltags