- Simpelt av Navarsete å skulde på fylkespolitikarane

Åge Starheim (t.h.) og Jostein Kvalsvik i Frp meiner at samferdsleminister Liv Signe Navarsete har tapt kampen om krisepakkeandelar til Sogn og Fjordane.

Åge Starheim (t.h.) og Jostein Kvalsvik i Frp meiner at samferdsleminister Liv Signe Navarsete har tapt kampen om krisepakkeandelar til Sogn og Fjordane. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

- Det er simpelt av samferdsleministeren å skulde på fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane for manglande kriseløyvingar, meiner Framstegspartiet.

DEL

Stortingsrepresentant Åge Starheim og fylkesårsmøtet går hardt ut mot samferdsleminister Liv Signe Navarsetes forklaring på at fylket ikkje fekk meir krisemidlar til samferdsla: At det var for få planar klare.

Regjeringas krisepakke vart presentert 26. januar.

- Ei tåpeleg unnskylding

– Dette er ei tåpeleg unnskyldning, seier Starheim til Firda.

– Det kunne uansett vore gitt langt meir til dei prosjekta som er klargjort. Navarsete prøver å plassere ansvaret for det låge tildelingsnivået hos fylkespolitikarane og hos Statens vegvesen. Det er simpelt gjort, seier stortingsrepresentanten.

- Meir til Olden-Innvik

Frp-årsmøtet meiner det ikkje er tvil om at Liv Signe Navarsete har tapt kampen om andelar til Sogn og Fjordane.

– Prosjektet Olden–Innvik kunne til dømes utan problem vore tildelt ein monaleg større sum, meiner Frp.

Det har ikkje lukkast Firda å komme i kontakt med samferdsleministeren for kommentar.

Krev ein krisepakke 2

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Frp som vart halde i helga, krev at regjeringa må komme med ein krisepakke 2, som blir retta inn mot ferjetakstar og nedbetaling av bomvegprosjekt.

Utspelet kjem i ei samrøystes fråsegn frå fylkesårsmøtet. Frp, med stortingsrepresentant Åge Starheim i spissen, meiner at distriktsfylke som Sogn og Fjordane kjem for dårleg ut i regjeringas krisepakke.

– Grunnen er at krisemidlane blir utrekna etter folketalet, meiner fylkespartiet.

Vil nedbetale bomvegar

No krev Starheim og Frp meir pengar, og at desse skal brukast til å redusere reise- og transportkostnadene.

– Med det meiner vi reduksjon i billettprisane på riks- og stamvegferjer, som Frp allereie har gjort framlegg om, og nedbetaling av bomvegprosjekt, som til dømes Fjærland og Fatlaberget, heiter det i fråsegna.

Der ber Frp også om at regjeringa tilfører ekstra midlar til distriktsutbygging i område som Bremanger/Svelgen. Dette vil gjere det mogleg å få etablert monaleg fleire arbeidsplassar i Svelgen, seier fylkesårsmøtet.

Artikkeltags