- SFE vil ikkje presse sitronen

Ola Lingaas (t.h) var med på kommunestyet si synfring i dei tre kraftstasjonane i Gloppenelva i fjor. Her frå Eidsfossen.

Ola Lingaas (t.h) var med på kommunestyet si synfring i dei tre kraftstasjonane i Gloppenelva i fjor. Her frå Eidsfossen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Gloppen kommune vil forlengje leigeavtalen om kraftstasjonane i Gloppenelva. Og Sogn og Fjordane Energi (SFE) er klar.

DEL

– Vi er heile tida i modus for å skape vinn-vinn-situasjonar. Det gjeld ikkje minst overfor Gloppen, seier konsernsjef for produksjon i SFE, Ola Lingaas.

Fleirtalet i kommunestyret sa måndag ja til å gå i forhandlinga med SFE for forlengje leigeavtalen knytt til dei tre kraftstasjonane i Gloppenelva med inntil to år. Det kom ikkje direkte overraskande på Lingaas:

– Vi fekk med oss tilrådinga i formannskapet sist torsdag, og visste det har gått ein del diskusjonar i forhold til tilrådinga frå rådmannen. Slik sett visste vi det kunne bli endringar, men ikkje sikkert kva som vart det endeleg utfallet.

Ingen sprekker

Og rådmannen tilrådde i utgangspunktet at kommunen skal ta tilbake kraftstasjonane når den 20 år lange leigeavtalen går ut 1. januar 2015.

Men fleirtalet i formannskapet ville det annleis, og rådde kommunestyret til å seie ja til forhandling om ei forlenging av avtalen på inntil to år. Og i dagens kommunestyre var fleirtalskoalisjonen samansett av Høgre, KrF, Ap, Samfunnsdemokratane (SD) og frittståande Sjur Atle Austrheim heilt utan sprekker. Dermed røysta 15 for framlegget. Dei 12 frå Sp, V og SV ville ta stasjonane tilbake ved årsskiftet.

– Blir SFE ein vanskeleg forhandlingspart?

– Det kan nok heilt sikkert vere nokre spørsmål som kan vere vanskelege, men vi har heile vegen vore inntilt på å vere ryddige på ting. Vi ønskjer ikkje å presse denne sitronen til siste drope, og kraftstasjonane utgjer ein marginal del av vår verksemd, seier Lingaas.

Ingen store konsekvensar

– Kva pris vil de betale for eitt års forlenging?

– Innhald og økonomisk innretning må vi ta i forhandlingar.

– Kva konsekvensar blir det for SFE å forlengje avtalen?

– Dei blir ikkje store. Vi har spurt kommunen korleis vi skal legge opp prosessen, og har forstått det vil at tid å få ei avklaring overfor våre tilsette. Difor har vi vore nøydd å vere avventande, og har ikkje gjort disposisjonar. Då det skal vi klare på ein god å forsvarleg måte, seier Lingaas.

Styreleiaren ikkje med

Gloppen Energi skal forvalte kommunens kraftressursar i framtida. Men styreleiar Per Jarle Myklebust er ikkje med i utvalet som skal i forhandlingar med SFE.

– De har fatta ei vedtak der Gloppen Energi er sett på sidelinja. Det seier litt om korleis selskapet skal arbeide framover, sa Myklebust heilt på tampen av kommunestyremøtet.

Fleirtalskoalisjonen føreslo at ordførar Anders Ryssdal, rådmann Jan Kåre Fure, Jan Erik Mardal (H) og Edgar Kvernevik (SD) skal forhandle med SFE om ei forlenging av leigeavtalen.

Debatten om framtidig organisering av kommunane sine kraftstasjonar i Gloppenelva var hovudsakleg reprise frå formannskapet torsdag.

Ingen hadde overraskande trumfkort i ermet og det vart tidleg klart at fleirtalskoalisjonens samansett av H, KrF, Ap og SD var samla. Dei har 15 representantar og mindretalet på 12 var samansett av Sp, V og SV.

I debatten kom det fram at det er høgst usikkert om det er mogleg å få alle formelle bitar på plass før årsskiftet.

– Vi er på hælane og burde gjort vedtak i juni. Det gjorde vi ikkje, difor må vi kjøpe oss tid, sa, Gunnvor Sunde (SD)

Artikkeltags