Sette ny salsrekord

TAKKSAM: Helge Segrov (i midten) takka særleg Dag Dammen (til venstre) og Arve Helle for at dei har hjelp han dit han er i dag.

TAKKSAM: Helge Segrov (i midten) takka særleg Dag Dammen (til venstre) og Arve Helle for at dei har hjelp han dit han er i dag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Fredag kveld opna Fjaler-kunstnaren Helge Segrov si første separatutstilling på 10 år. Det skjedde i Høyanger samfunnshus der utstillinga hans skal henge til 5. desember. Segrov er invitert av Høyanger kunstlag.

Glad og rørt kunstnar

– Eg er glad og rørt over at så mange har tatt seg fri ein fredagskveld for å vere med på denne for meg svært viktige utstillinga, sa Segrov.

Han takka alle støttespelarane som har hjelp og støtta han i den tøffe tida han har vore gjennom dei siste åra.

Spesiell takk fekk Fjaler-ordførar Arve Helle som hadde teke turen til Høyanger for å stå for opninga av utstillinga, og Dag Dammen frå Grafikk Senteret i Oslo.

Dette er berre starten

– Det var heilt tilfeldig at eg kom i kontakt med Helge, og eg falt fullstendig for kunsten hans. Du kan godt skrive at eg var heilt i ekstase, seier Dammen til Firda.

Dammen seier han er facinert av uttrykket til Segrov, sidan det alltid ligg noko personleg i arbeida hans.

– Dette er berre starten. Det er først no den verkelege karriera til Helge startar, seier Dammen og legg til at han er takksam for at han har ein kunstnar som Segrov i stallen sin.

Sette salsrekord

Utstillinga som no heng i Høyanger samfunnshus er ei salsutstilling, og i løpet av to timar tid kom det raude merkjer på mange av dei 36 verka som er utstilte.

– I kveld har eg selt for 70.000 kroner. Sjølv om eg personleg har hatt dagar med større sal tidlegare, så er dette etter kva eg forstår ny rekord for Høyanger kunstlag. Eg er glad og takksam for alle som har trudd på meg og som har støtta meg i den vanskelege perioden eg har vore gjennom, avsluttar ein rørt kunstnar.

Artikkeltags