Gå til sidens hovedinnhold

Ser etter kopar i gamle gruver

Artikkelen er over 6 år gammel

Ingen veit kor mykje kopar som skjuler seg i dei gamle gangane. Det jobbar det britiske gruve-selskapet Kodal Minerals med å finne ut av.

Slagghaugane er store og mange i Grimelid. Dei ligg spreidde frå havet og opp i fjellsida, der gruvegangane framleis ligg i dagen.

Gruvene var i drift i periodar mellom 1759 og 1920, og gav i si tid mange arbeidsplassar. På det meste budde det 166 menneske der. No blir det undersøkt om fjellet kan gje arbeidsplassar på nytt.

Kan vere drivverdig

Nokre høgdemeter oppe i fjellet, der Førdefjorden møter havet, står det ein gjeng i oransje kjeledressar. Her har dei jobba i to veker. Kor lenge dei skal halde på, kjem an på kva dei finn.

– Det er tidleg i leitinga, så det er vanskeleg å seie noko om kva som finst her, seier geolog i Kodal Minerals, David Hakes.

Hakes og arbeidslaget hans har vore inne i mange av holene. Dei har mellom anna rappellert seksti meter ned i gruvegangar som stuper heilt ned til havnivå.

– No tar vi prøvar for å finne ut om det er økonomisk forsvarleg å drive førekomsten, men vi undersøker også ein del andre ting, seier Hakes.

I tillegg til å vurdere det dei kan sjå og hamre fram, blir det gjort undersøkingar for magnetisme, og steinar blir sendt inn til kjemisk analyse.

Tidsreise

Det blir også gjort geologisk kartlegging, som geologane håpar kan brukast til å finne mineral andre stader, ved å samanlikne strukturane i fjellet.

Akkurat no held geologane på med å finne ut korleis malmkvaliteten er, der arbeidet slutta for snart hundre år sidan. Dei har grave ut steinmassar frå ein kollapsa tunnel for å komme til førekomsten.

– Vi vil finne ut kva dei tok ut og kvifor dei slutta, seier Hakes.

Lang prosess

Det er for tidleg å seie noko om sjansane for at det blir gruvedrift. Men at dei er her for å undersøke, betyr at dei har tru på at det finst verdiar i fjellet.

Før selskapet bestemmer seg for å sende geologar, har dei allereie gjort grundig førearbeid. Dei har studert kart, lest historiske dokument og vore på synfaring.

– Det er eit sjansespel, men det er ein interessant lokalitet. Vi har dessutan betre utstyr enn dei hadde for hundre år sidan. Kanskje kan vi ta ut det dei ikkje kunne, seier Luke Bryan, sjef i Kodal Minerals. Han understrekar at det framleis er ein lang prosess.

– Prøvane tar tid å analysere, men om ting ser bra ut, kan det vere at vi startar med prøveboring om alt frå nokre månader til eitt år, seier Bryan.

Kommentarer til denne saken