Dei aller fleste brunskogsniglane i norske hagar overvintrar som ganske små snigleungar.

Dei er ikkje heilt like dei vaksne, men det er no dei er lettast å bli kvitt. Det skriv kommunikasjonsrådgjevar Morten Günther på Bioforsk på sine heimesider.

Lever eitt år

Brunskogsnigel, også kjent som brunsegl og iberiaskogsnigel har invadert hagar over store delar av landet. Egga legg den om hausten, og det betyr at dei fleste som overvintrar er heilt små nyklekte snigleborn.

Spegelen har berre eitt år levetid.

Kan lett forvekslast

Dei små brunskogsniglane kan lett bli forveksla med andre sniglar nå dei er små. Når dei er vaksne er dei einsfarga, når dei er små har dei ein lysare farge og meir eller mindre tydelege striper rundt halen, og eit mørkare felt på ryggen.

– Ikkje vent å sjå

– Det er no sniglane er lettast å bli kvitt. Finn du små sniglar som ikkje liknar dei store du såg i fjor i ein fuktig del av hagen? Ikkje vent å sjå. Fjern dei med ein gong, seier Erling Fløistad ved Bioforsk Plantehelse til Bioforsk.