Fylkestingsrepresentant og Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) tok i fylkestinget i dag eit kraftig oppgjer med veksande rasisme i eit fylke som vil vere heilt avhengig av innvandring for å få vekst og folketalsutvikling.

Uthenging

I hans eigen kommune har folk som har stått opp mot rasisme opplevd å bli hengt ut med namn og bilete på høgreekstreme nettstadar.

Samstundes har Folkebevegelsen mot innvandring (FMI) delt ut over 500 faldarar med grove påstander, fortel ordføraren.

– Det handlar om påstander som at samfunnet held på å bli øydelagt, og at vi druknar i ein pøl av kriminalitet, sa Bjørlo frå fylkestingets talarstol.

Hardare nettklima

Etter innlegget sitt, fekk Bjørlo sterk støtte frå fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og fleire andre fylkestingsmedlemer.

– Det stadig hardare debattklimaet på nettet uroar meg, seier Alfred Bjørlo til Firda.

– Tek du til motmæle mot framandfrykt og innvandrarhets, blir du hengd ut. Dette gjer det til ei stor belasting å heve stemma si. Eg er også redd for at innvandrarar som kjem, kan bli møtt med stadig meir kvardagsrasime. Det er ei veldig farleg utvikling, seier Alfred Bjørlo.