Kvelden før regjeringa skulle offentleggjere sjukehusavgjerda, sende Liv Signe Navarsete (Sp) dokumentet med vedtaksteksten til epostboksen hos Helse Førde-tilsett og sjukehusforkjempar Martha Kjøllesdal på Eid.
E-posten frå statsråden og Sp-leiaren var ifølgje Navarsete eigentleg tiltenkt Kjøllesdals sambuar, Fjordabladet-redaktør Tormod Flatabø, som ein informasjon i forkant av at regjeringa skulle gå ut med avgjerda neste dag. Kjøllesdal – som er sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus og tidlegare tillitsvald i Helse Førde – seier på spørsmål frå Firda at ho ikkje anar noko om e-posten.
E-posten er blitt kjend i deler av det fylkespolitiske miljøet, og har skapt reaksjonar i Ap-gruppa.
«Temmeleg uryddig»
– Temmeleg uryddig, seier fylkespolitikar og medlem i styret for Helse Førde, Harry Mowatt.
E-posten, som Firda har sett, vart send frå Liv Signe Navarsete til Martha Kjøllesdals e-postadresse torsdag 31. mars kl. 21.45. Sendinga innheldt to dokument som vedlegg. Det eine vedlegget har tittelen «Intern protokoll 2», og inneheld ordlyden i regjeringsvedtaket, det andre er merka «Prosjekt Nordfjord».
Det går vidare fram at Navarsetes e-post vart vidaresend til Tormod Flatabøs eigen epostboks kl. 23.53 same kveld. Fjordabladet-redaktøren sende dagen etter dokumenta frå regjeringsnivået vidare til overlege Henrik Berg og seksjonsleiar Jon Sverre Arnestad ved Nordfjord sjukehus. På det tidspunktet var regjeringsvedtaket offentleg.
– Merkeleg måte
Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg seier at korkje Helse Vest eller Helse Førde enno har fått skriftleg informasjon, ut over det dei har sett av pressemeldingar.
– Dette er ein merkeleg måte for ein regjeringsrepresentant å sende ut informasjon på, seier Øberg.
Mowatt tykkjer at informasjon til media bør skje på same tid, og ikkje gjennom å sende interne regjeringsdokument til tilfeldige e-postadresser.
Risiko
– Her vart Nordfjord informert lenge før Indre Sogn. Det er også litt pussig, når ein redaktør ikkje greier å skilje jobb-pc’en frå sambuarens e-post. Her har det i prinsippet vore ein klar risiko for at desse fortrulege dokumenta kunne blitt spreidd utover, seier Aps Harry Mowatt.
Tormod Flatabø avslår kategorisk å kommentere saka.
Her har det vore ein risiko for spreiing av fortrulege dokument.
Harry Mowatt (Ap)
– Ho må berre prøve!
– Eg har mitt på det tørre. Eg har ikkje gått ut over dei avtaler eg hadde med helseministeren i denne saka, seier Liv Signe Navarsete.
Navarsete seier at kontakten med Fjordabladets redaktør var ei av fleire kontaktar ho hadde med pressefolk i Sogn og Fjordane om kvelden 31. mars, og at dette var avklara med fagstatsråden.
– At det no kjem reaksjonar, viser kor vanskeleg denne saka er i Sogn og Fjordane, meiner Navarsete.
– Helse Førdes styreleiar Clara Øberg kallar det merkeleg, når det går dokument på denne måten til Nordfjord, medan helseføretaka til no ikkje har fått oversendt noko skriftleg frå regjeringa.
– Ho må berre prøve å lage sak om dette! Ho bør heller konsentrere seg om å byggje bruer og reise tillit, i staden for å gå til åtak og skape krig. Som styreleiar har ho også eit ansvar for å skape fred, seier Liv Signe Navarsete.