Selja gjer store pengar på Vestlandsbøker

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Med to tilsette i staben, bikka driftsresultatet for Selja Forlag AS 1,1 million kroner i fjor.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

-Mange blir overraska over at vi sel så bra. Fleire av bøkene vi gir ut, ville ikkje ha blitt satsa på av dei store forlaga, seier forlagssjef Torkjell Djupedal.

Utvidar, men bare litt

-Kva er strategien framover?

-Å ikkje gape over for mykje. Vi har nok å gjere, seier Djupedal.

Likevel gjekk han i mars til det skrittet å tilsetje Grethe Eithun som forlagsredaktør, slik at forlaget no har tre tilsette.

-Grethe jobbar med eit stort prosjekt om krigen i Sogn og Fjordane. Der kjem vi til å lese om sterke historier. Dessutan får vi eit grundig namneverk og komplett oversikt over krigsminne, med historier som høyrer til, fortel Djupedal.

-Grethe jobbar også med ei bok om fotturar i fylket, der vi skal teikne inn alle rutene på flyfoto som vi tok i sommar. Boka vil også fortelje mykje kulturhistorie, seier Djupedal.

-De satsar stadig på lokale prosjekt?

-Vi satsar lokalt, og har forankring på Vestlandet, men bøkene våre er interessante for mange. Kjerneområdet vårt er mellom Ålesund og Haugesund, men vi sel bøker over heile landet, ikkje minst barnekokeboka og den nynorske songboka.

Suksessbøkene

Barnekokeboka «Klare sjøl - kokkar små med kopp og skei» som Selja i 2002 gav ut i samarbeid med barnehagen i Hornindal, vart ein suksess landet over. Ho sel framleis svært godt, og er no trykt i 16000 eksemplar.

Rune Timberlids lokale kriminalromanar «Red Mercury» og «Priseld» har også selt godt.

I samband med 100-årsdagen for Per Sivles død, gav Selja Forlag i september ut ein omskriven versjon av Sivle sine mest kjende tekstar, «Berre ein hund».

Så langt ser salet bra ut, men det er julehandelen som avgjer årsresultatet.

-Halvparten, eller kanskje to tredelar av salet skjer i løpet av årets to siste månader, seier Djupedal.

Ingen kioskveltarar

-Kva er årsaka til at fjoråret vart så bra?

-Vi hadde ingen knallsuksessar i fjor, men var jamt gode. Tendensen har lenge vore auke, men det er klart at vi gjorde eit stort hopp i fjor. Omsetnaden auka, aktiviteten auka, men vi er i ein bransje med høg risiko, noko som gir litt ulikt utslag. Eg trur suksessen har å gjere med at vi er i ferd med å bli litt meir kjende, noko som gir oss nye oppdrag, slik som det å lage bygdebok for Jondal, seier Djupedal.

-Det er ein ny type arbeid med bøker vi ikkje skal selje sjølve. Det ligg mykje arbeid bak, og vi har gode hjelparar. Vi samarbeidar ofte med andre partar, som kommunar, mållag, museum, og det trur eg er smart forretningsmessig. Vi har eit nettverk som hjelper til med å få ut ting, og då får ein ofte til ting ein elles ikkje ville fått til, slik som barnekokeboka frå Honndalen.

Hol i marknaden

Djupedal trur mange av bøkene Selja gir ut ikkje ville ha blitt satsa på av dei store forlaga.

-Dei har ikkje same teft som oss, og vi fyller eit hol i marknaden. Det er nok litt av den same årsaka som når folk kjøper Firda, fordi dei vil ha noko anna enn det som står i Aftenposten.

-Kva for ei bok er det du har drøymt om å gi ut, men som enno ikkje er der?

-Eg har to draumebøker, og den eine kjem snart. Det er turboka med flyfoto og lokalhistorie. Ein annan draum er eit kulturhistorisk reisebokprosjekt for heile fylket. Det finst i Hordaland, og eg trur vi skal få det til med tida.

Artikkeltags