Sekstimeter med handikapp

TUNGE TAK: Bjarte Selvik legg seg i selen. Han kjempa i tetsjiktet, men vart hakket for svak...

TUNGE TAK: Bjarte Selvik legg seg i selen. Han kjempa i tetsjiktet, men vart hakket for svak... Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Du er ikkje rådlaus om du blir ståande i Kvammen med flatt batteri....

DEL

25 sterke menn og kvinner sette kvarandre stemne med biltrekking på ballbana under Førdefjorddagen i Kvammen i går.

To unggutar, Håkon Nymoen Selvik og Nikolai Leknes, drog ein Peugeot 207 seksti meter på 13,9 sekundar (!)

Rundt 300 menneske var imnnom Høgda i Kvammen under den årlege Førdefjorddagen, som gjekk av stabelen i går.

- Rekordoppmøte, seier Tormod Selvik, leiar i Førdefjorden Vel.

- 4H arrangerte natursti, vi hadde hesteriding på ballabana, og tiandeklasse ved Gjelsvik skule heldt kafe til inntekt for skuleturen sin. Dei sat att med 6000 kroner i overskot, og det seier i grunnen det meste om besøket. Eg har drive kafeen ved fleire andre høve, og då har vi slite med å kome over tusenlappen, seier Selvik.

klokka eitt var det klart for dagens høgdepunkt: Bil-draging, eller "Car-pulling", som det heiter i Kvammen. Eller "neimen i svartaste sprengkalde, kan du ikkje sjå til å starte, din gamle rusthaug!!!", som det heiter på Sande.

Eit brennheitt tips for folk med flatt batteri og "med småbruk oppi Åsmarken, der kjerringa er hest": Do tek ei grov tautrosse, bitt ho i slepekroken på bilen, legg ho rundt nakken og fram under armane, og så er det berre å beine på.

Det vart mykje diskusjon om underlaget. Lett teleløysing på grusbana gjorde at det vart eit voldsamt sug i sporet, som hopparar gjerne klagar på. Etter kvart kunne du høyre "schwopp-lyden" etter kvart som bilhjula drog seg opp or dei våte gjørmespora.

I klassen over 16 år vann Martin Kjosås Leknes, med tida 14,9 sekund. I dameklassen vart Anne Leknes Gryte best med 22,6 sekund. Jenter under 16 år vart vunnen av Bente Kjosås Leknes og Hilde Gunn Bråstad, som brukte 22,3 sekundar. Og dagens bestetid sto altså Håkon Nymoen Selvik og Nikolai Leknes for: Dei drog ein Peugeot 207 seksti meter på 13,9 sekundar (!). Det fins folk som har meir enn nok med å springe den distansen utan å dra noko som helst etter seg.

Artikkeltags