Seks store ras i nærleiken av Stryn

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Politiet: - Vi får ikkje kontakt med nokon der oppe.

DEL

SISTE:

– Det vi har melding om så langt er at ingen hus er tekne, seier Synnøve Domben ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Luftambulansen skal ha landa på staden, og anna politi og helsepersonell prøver no å krysse Oppstrynsvatnet med båtar, for å komme til staden.

– Vi har vore i kontakt med politi som ser over på andre sida, dei kan ikkje sjå at hus er tekne.

To patruljar skal ha komme seg over til området ved hjelp av båt.

Klokka 13.20 fekk politiet melding om seks store ras har gått i nærleiken av Flo i Stryn.

Politiet har ikkje oversikt over situasjonen på staden, på grunn av manglande telefon og sambandsdekning.

Det er enno uklart om hus eller personar er tekne av rasa.

– Vi har ikkje fått tilbakemelding frå nokon der oppe, vi slit med telefondekning og samband.
Alle tilgjengelege resursar, samt luftambulanse er sendt til staden, fortel operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mobil og fastnett er nede etter uvêret som har herja dei siste dagane.

– Det verkar som om telenettet, både når det gjeld fasttelefon og mobil, er nede i Vågsøy, Nordfjord, Stryn, Gloppen og Hornindal, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor til VG Nett.

No jobbar dei på spreng for å få opp nettet.

– Det verkar som om telenettet fungerer i Norfjorddeid, men elles i Nordfjord er det ganske dødt. Stryn er vanskeleg ankomstmessig og då er det vanskeleg å få personell eller reservedelar inn, seier Amundsen til VG nett.

FIRDA KJEM TILBAKE MED MEIR

Artikkeltags