Seier nei til turistrute

Samferdsledepartementet opphevar løyvet Fjord1 fekk til å drive kommersiell turisttransport mellom Bergen og Flåm.

Samferdsledepartementet opphevar løyvet Fjord1 fekk til å drive kommersiell turisttransport mellom Bergen og Flåm. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Departementet seier nei til løyvet Fjord1 fekk av fylkeskommunen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Samferdsledepartementet har oppheva fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt vedtak om å gje Fjord1 løyve til å drive kommersiell turistrute på Sognefjorden.

Det var i mars 2012 fylkesutvalet gav Fjord1 løyve å drive turisttransport mellom Bergen og Flåm, eit vedtak som vart klaga inn til Samferdsledepartementet av Norled.

Det er Norled som i dag driftar det fylkeskommunale rutetilbodet mellom Bergen og Flåm, etter å ha vunne anbodet i konkurranse med blant andre Fjord1.

Samferdsledepartementet grunngir opphevinga av løyvet til Fjord1 med at fylkeskommunen ikkje har gjort godt nok greie for behovet og kva verknader ei kommersiell rute vil ha for det eksisterande rutetilbodet.

Etter departementet si vurdering kan løyvet til Fjord1 få verknader for passasjergrunnlaget til Norled, og det vert påpeikt at Fylkeskommunen berre har henta inn informasjon frå Fjord1.

Dette dreiar seg blant anna om trafikktal basert på statistikkar frå då Fjord1 drifta ruta mellom Bergen og Flåm.

Sjølv om Norled har fått høve til å komme med merknader i saka, kan ikkje departementet sjå at det er innhenta informasjon frå dei. Det er heller ikkje gjort eigne sjøvstendige berekningar av korleis den parallelle ruta vil kunne påverke Norled.

Artikkeltags