Scooteren til Andrea (17) kasta i sjøen

Her vert scooteren til Andrea Rennestraum henta opp av sjøen. Foto: Leon Rennestraum.

Her vert scooteren til Andrea Rennestraum henta opp av sjøen. Foto: Leon Rennestraum.

Artikkelen er over 4 år gammel

Mange hærverksepisodar i Dale i sommar.

DEL

Den siste tida har innbyggarane i Dale opplevd ei hærverksbølge.

– Dottera mi var på jobb på Fossen bryggeripub natt til 7. juli. Då ho skulle heim igjen var scooteren vekke, fortel Leon Rennestraum.

Funne i sjøen

Rennestraum la søndag føremiddag ut ei etterlysing på Facebook, og køyrde etterpå rundt og leita etter scooteren. Etter ein halvtime melde han scooteren stolen.

– Halvannan time seinare fekk eg eit tips frå ein som trudde han hadde sett den i sjøen. Så eg reiste ned på kaia, og der fann eg han, i fjæresteinane nede ved skofabrikken.

Vidare leigde han kranbil for å få den på land att.

– Scooteren er for vrak å rekne no. Det er kjedeleg for ho som eige scooteren, ho kjøpte den for konfirmasjonspengane sine, seier Rennestraum.

Han fortel også at ein person fann hengaren sin i elva, og at eit stillas på eit hus i Dale sentrum er blitt rive ned heilt utan grunn.

Freidig

Ei anna som også har opplevd hærverk er Bente Liabø Thorsen.

– Dottera mi sat sykkelen inn i garasjen ein gang i løpet av helga, og måndag morgon var den vekk. Den fann ho att i elva seinare, seier Thorsen.

Då var bakhjulet tatt av, og dekka var punktert.

– Det er freidig å gå inn i garasjar som er lukka, sjølv om den ikkje var låst, seier ho oppgitt.

Thorsen fortel at naboen hennar og fekk sykkelen sin stole same natt som scooteren til Andrea Rennestraum forsvann. Ho meiner at dette er eit sommarfenomen.

– Det har skjedd tidlegare år at naboar har fått dekka sine punktert når dei har stått på parkeringsplassar. Eg veit ikkje om det er ungdommar lokalt som har for lite å gjere eller kva det er, men det er ofte om sommaren vi opplev slike ting, seier ho, og legg til:

– Det som er rart er at der var jo andre syklar i garasjen av ein anna verdi. Dei har tydelegvis ikkje vore ute etter noko spesielt. Det verkar på meg litt umotivert.

– Kjennast det utrygt i Dale?

– Eg blir ikkje så lett skremt. For min del tenker eg at det er eit signal om at vi må låse meir, ta våre forholdsreglar. Det er kanskje eit teikn på at vi syns det er mindre trygt, men vi går ikkje rundt og er redde, seier Thorsen.

Ikkje lagt bort

På den opne Facebook-gruppa «Dale i Sunnfjord» vert forholda heftig debattert, og mange uttrykk frustrasjon over at saka om den vandaliserte scooteren vart lagt bort.

– Eg fekk eit brev datert 9. juli om at saken var lagt bort på grunn av at det ikkje var nok opplysningar til å identifisere gjerningsmannen. Det var dagen etter eg hadde sendt skriftleg melding. Eg vart ganske forundra at dei kunne legge bort saka så fort, fortel Rennestraum.

– Den saka er ikkje lagt bort, det kan eg avkrefte. Eg har fått inn to meldingar på tjuveri av ein scooter og ein sykkel, og dei vert begge etterforska på vanleg måte, seier politibetjent i Fjaler Grethe Thue.

Då Thue vert gjort kjent med brevet, fortel ho at det har skjedd ein glipp lengre oppe i systemet.

– Sakene har aldri vore lagt bort herifrå, eg har hatt opplysingar eg har jobba med heile vegen, seier politibetjenten.

Dersom du har tips i sakene, kan du ringe politiet på 02800.

Artikkeltags