Sauer er ålreite dyr

Artikkelen er over 5 år gammel

Sauer adopterte reinsdyr. Les og sjå video av den unike dyrehistoria.

DEL

Ein nyfødd reinsdyrkalv spring lykkeleg rundt med ein sauefamilie i Sundsdalen. Han får endå til die sauemora.

Trudde det var svart sau

- Det er nok ein heilt spesiell og snill sau, seier Andreas Reiakvam Lindstrøm (8).

Det var han som søndag formiddag oppdaga den spesielle sauefamilien, då han var på motorsykkeltur saman med pappa Arnfinn Lindstrøm i Sundsdalen.

- Eg trudde først det var ein svart sau, men eg skjønte det var ein rein fordi den var ganske stor, fortel åtteåringen.

Far og son klarte fange reinkalven på mobilkamera, og vart veldig forundra då dei oppdaga at sauemora lét kalven die.

Aldri langt bak

Då Firda tek turen opp i Sundsdalen måndag ettermiddag, går reinsdyrkalven framleis i lag med den nye familien sin, og er aldri langt bak sauemora. Ho passar på som om han skulle vere ein av hennar eigne. Når ho spring, spring kalven. Når ho stoggar, stoggar kalven.

Sauebonden var ikkje klar over at ein av sauene hans hadde adoptert ein reinsdyrkalv før naboen sa ifrå.

Saueeigar og reservesame

- Per Ravndal, saueeigar og reservesame, ler han då han helsar på Firda. Sauebonden har aldri høyrt om at ein sau let eit anna dyr die seg.

Det er vanskeleg nok å få ei sauemor som har fått trillingar til å la tredjemann die, fortel han. Tvert i mot er det vanleg at eit lamb som til dømes har mista mora, vert trampa i hel når det forsøker å die ei anna søye.

- Dei vernar godt om sine eigne, så dette var veldig spesielt, seier bonden.

Artikkeltags