Satsar vidare på Nødseth

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Den markante og omstridde ungdomspolitikaren Jacob Nødseth er attvald som leiar.

DEL

Jacob Nødseth frå Flora vart samrøystes attvald som leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, på årsmøtet i Førde laurdag.

Sa frå om lukka møte

Den unge politikaren har allereie markert seg sterkt, spesielt som bystyrerepresentant i heimkommunen. Det var Nødseth som sa frå då ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) i Flora i sommar kalla inn til bystyremøte for lukka dører for å diskutere stillinga til rådmann Fredrik W. Gulbranson.

Tre på stortingslista

Fredrik Helland, også han frå Florø, vart attvald som 1. nestleiar, medan Ingvild Viken Holsen frå Naustdal vart vald til ny 2. nestleiar.

Dei andre i arbeidsutvalet i Sogn og Fjordane Unge Høgre er Marte Heimdal Leirvåg frå Solund, Stian Holm frå Svelgen og Hogne Kirkebø frå Førde.

Nødseth (nr. 2), Helland (nr. 7) og Heimdal Leirvåg (nr. 10) er alle med på Sogn og Fjordane Høgre si liste til Stortingsvalet 2009.

Lokallag i Sogn

Fylkeslaget i Unge Høgre har i dag lokallag i Flora, Nordfjord og Indre Sunnfjord. I løpet av første halvår 2009 vil laget jobbe for å få i stand fleire lokale regionlag, mellom anna i Sogn, går det fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Artikkeltags