Samarbeider for å avdekke overgrep

Den offentlege tannhelsetenesta og den kommunale barnevernstenesta skal samarbeide for å avdekke omsorgssvikt og overgrep mot born.

Den offentlege tannhelsetenesta og den kommunale barnevernstenesta skal samarbeide for å avdekke omsorgssvikt og overgrep mot born. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

- Vi skal vere ei vaktbikkje for velferda til born og unge.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Fylkeskommunen tek no initiativ til eit samarbeid mellom den offentlege tannhelsetenesta og den kommunale barnevernstenesta.

- Tannhelsetenesta har ein unik sjanse til å vere med å oppdage og melde frå om omsorgssvikt, seier direktør for tannhelsetenesta, Bent Rønnekleiv i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeksommune.

I desse dagar vert det sendt ut eit brev frå fylkeskommunen og Fylkesmannen til barnevernstenesta i alle kommunane i fylket. Brevet er ei oppmoding om eit nærare samarbeid mellom tannhelsetenesta og barnevernstenesta.

- Vi i tannhelsetenesta har eit stort og desentralisert nettverk. Vi er tilstades i alle kommunane og skal bry oss og vere ei vaktbikkje for velferda til barn og unge i Sogn og Fjordane. Det er eit mål å sjå heile ungen og ikkje berre tennene, seier Rønnekleiv.

Tannhelsetenesta får god oversikt over skader i munn-, ansikt- og halsregion, ser korleis ungane oppfører seg, og registrerer om dei ikkje møter opp til tannlegetimar.

I tillegg har barneombodet slått fast at massiv tannråte skal tolkast som eit uttrykk for alvorleg forsøming til det motsette er bevist.

Det er ei eiga ressursgruppe i fylkeskommunen som jobbar med dette, og som har drive prosessen med prosjektet så langt.

Det er utarbeidd retningsliner for korleis ein bør samarbeide for å avdekkje omsorgssvikt og overgrep mot barn. No spelar fylkeskommunen ballen vidare til kommunane.

– Saman med Fylkesmannen, rår vi no til at det vert oppretta eit godt og fungerande samarbeid mellom den offentlege tannhelsetenesta og dei kommunale og interkommunale barnevernstenestene i fylket, seier Rønnekleiv.

Artikkeltags