Gå til sidens hovedinnhold

Såg kongeørn ete katt

Artikkelen er over 13 år gammel

Samuel Lien var på veg heim frå arbeid torsdag, då han fekk eit syn han seint vil gløyme.

Midt på vegen, mindre enn hundre meter frå nærmaste hus i Hornindal, sat ei kongeørn og åt på ein katt.

– Eg må vedgå at eg var litt forskrekka. Det var ei skikkeleg stor kongeørn, fortel Lien til avisa Fjordingen.

Han var få meter unna heimen då han i siste svingen før tunet var nær ved å få både ørn og katt innunder bilen.

– Ørna hadde ein katt i klørne, og var i ferd med å godgjere seg med innmaten. Eg la ut og køyrde forbi. Ørna baska litt med vengene og letta, men ho flytte seg ikkje langt. Eg parkerte bilen og frå stovevindauga kunne eg sjå at ho var tilbake i vegen og heldt fram med måltidet berre nokre minutt seinare. Ho var tydelegvis skikkeleg svolten, fortel Lien.

Han har sjølv ikkje sett ørn tidlegare i vinter, men fortel at kona har observert den store rovfuglen fleire gonger. Kven som eigde katten er derimot uvisst, men Lien prisar seg lykkeleg over at hans eigen gardskatt ikkje vart offer.