Så grøn var Anga i Førde

Anga i Førde seint fredag kveld.

Anga i Førde seint fredag kveld. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Veit du kva dette kan skuldast?

DEL

Firda-redaksjonen fekk telefon frå ein tipsar seint fredag kveld om at Anga i Førde var heilt grøn i fargen, og det hadde den vore i minst to timar.

Teknisk vakt i Førde kommune Bjørn Hatlelid hadde ikkje fredag fått noko melding om dette, men kunne fortelje at det ikkje var første gongen at elva var grøn.

– Det er umogleg å seie kva dette skuldast denne gongen, men det har skjedd før. Det kan vere at elva har grave med seg noko som gir fargen. Det kan vere is som er årsaka også, seier Hatlelid.

Ifølgje firda.no sin utsende, var det ei lukt som kunne minnast om gjødsel på staden. Bileta er teke ved brua på Vie ved Sentralsjukehuset.

Veit du kva som kan vere årsaka til grønfargen i elva? Del det gjerne i kommentarfeltet under.

Artikkeltags