Rykte ut til traktorbrann

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Måndag ettermiddag klokka 16.22 blei politi og brannvesen kalla ut etter melding om brann i ein traktor på Endestad i Eikefjord.

Ingen personar blei skadde i brannen, men traktoren er ikkje køyrbar. Det melder politiet.

Årsaka til brannen er ukjend.

– Det vil etterforskinga vise. Det blei gjort avhøyr på staden, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen, til Firda.

Det blir oppretta sak på forholdet.

Artikkeltags