Rus, uønskte gjestar og husbråk

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

I følgje loggen til Sogn og Fjordane politidistrikt har lovas lange arm hatt det høvesvis roleg på vakt i natt.

Husbråk i Luster

Fredag kveld fekk politiet melding om bråk i ein privat bustad i Gaupne i Luster kommune. Ein mann i 20 åra teken med til arresten i Førde. Saka vert følgd opp av Luster lensmannskontor.

Bråk i Sogndal

Politiet måtte noko før klokka 03:00 natt til laurdag køyre heim ein mann i 20 åra som laga bråk i Sogndal sentrum. Mannen vert meld av politiet.

Uønskt i Førde

Ein mann i 20 åra vart om lag klokka 02:30 natt til laurdag køyrt til bustaden sin då han var uønska på ein annan bustad i Førde.

Bråk på Kaupanger

Om lag klokka 03:30 i natt tok politiet hand om ein mann i 20-åra grunna rus og bråk på offentleg stad i Kaupanger. Saka vert følgd opp av Sogndal lensmannskontor.

Artikkeltags