Nokre unggutar ropte stygge ord mot Israel-vennane som demonstrerte for Israel si sak.

Ord som brenn i helvette, fuck Israel og dra til helvette vart ropt mot dei fredlege demonstrantane då dei stoppa ved byparken for appellar.

– Det er begynt å bli ein ukultur i Norge, der ytringsfridomen er einvegs. Det er ikkje lenger sånn at andre respekterar andre sine meiningar, seier Erlend Bøe.

Han syntes det er heilt greitt at folk er ueinige om ting, men at det går an å unngå å rope stygge ord mot ein lovleg og fredlig demonstrasjon.

Markeringa gjekk elles roleg for seg. Politiet hadde tenestemenn som fulgte demonstrasjonen og hadde ting under oppsikt heile vegen.

– Vi demonstrerer fredeleg og med argument. Vi kastar verken stein eller anna, seier Finn Jarle Sæle, redaktør i Norge Idag.