Restaurerer klyngjetun

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel
DEL

Roy Løseth brukar alle ferier til å restaurere Larsbakken på Tysselandet i Fjaler.

Frå han var liten, har han gått og sett på dei gamle nabohusa på Larsbakken.

For snart fire år sidan fekk han endeleg kjøpe husa

Lite påverka

Dei siste bebuarane, ungkarane og brørne Lars og Anton Hauge, flytta til helsetunet i Dale i 1980. Dei etterlet seg fleire hus som har blitt lite påverka av moderne tid, bortsett frå eit eternittak, som no er skifta ut med torv.

Løseth er godt i rute med restaureringa av dei fire husa som står att på det gamle klyngjetunet. Tett tak og mykje ny kledning frå malmfuruskogen til Joar Årnes i Gaular er på plass.

Stavkyrkje-draum

Truleg har her vore rundt 20 bygningar, og Løseth har spora opp nokre av dei gamle husa som har blitt flytta bort. «Friarstova», som eigaren i Hyllestad ville brenne, fekk Løseth gratis, mot at han demonterte den sjølv. Snart står den vonleg på Larsbakken att, der den stod i 1905. Kvifor den heiter Friarstova veit ikkje Løseth, men han røper at han har ein draum om å byggje ei stavkyrkje oppe i lia og stelle til bryllaup nede på Larsbakken.

Bruksplass

Løseth vil ikkje lage noko museum, men ein plass som skal brukast av folk.

– Eg har prata ein del med vertskapet på Lillingston-heimen, og ser ikkje bort ifrå at vi kan gjere noko i lag. Lillingston og Larsbakken er på ein måte to motsetnader. Her får ein inntrykk av det vestlandske slitet, medan dei hadde danna herskap og tenestefolk der nede, seier Løseth.

Spor

Også inne i granskogen finn Løseth spor etter folk og bustader. Stadig grev han fram nye steinheller, både på tunet og i skogen. Her er lagt ned eit enormt arbeid i å steinleggje stigar og hus i si tid.

– Ungane spring rundt og stikk skrujern i jorda og roper «Pappa, her er endå ei helle!», fortel Løseth.

Støtte

Løseth er takksam for støtte frå Norsk kulturminnefond og fylkeskommunen, men mesteparten av arbeidet gjer han sjølv, i lag med venner som er med på dugnad.

Kva han skal gjere med plassen, veit han ikkje heilt. Truleg vert han buande med kone og born i Flekkefjord på Sørlandet, så sjølv er det berre i feriar han kan vere her. I tillegg til kulturbasert turisme, tenkjer han seg at lag og organisasjonar kan ta husa i bruk.

Artikkeltags