Rektor vil ta knekken på nettmobbing

? Skjult mobbing via Internett og SMS blir stadig meir utbredt, seier rektor ved Flora ungdomsskule, Geir Knapstad.

? Skjult mobbing via Internett og SMS blir stadig meir utbredt, seier rektor ved Flora ungdomsskule, Geir Knapstad. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Data og mobiltelefon har dei siste åra blitt den nye mobbearenaen.

Ikkje berre "gammaldags" mobbing

– Skjult mobbing via Internett og SMS blir stadig meir utbredt, og det kjem i tillegg til «gammaldags» mobbing på skuleveg og i friminutta, seier rektor ved Flora ungdomsskule, Geir Knapstad til Firdaposten.

Han inviterer til interaktive foredrag om skjult nettmobbing. Målet er å bevisstgjere både unge og foreldre.

Foredrag for foreldre og skuleborn

– Det er lagt opp til ein interaktiv dialog. Vi vil diskutere aktuelle problemstillingar, og vi vil ta i bruk alt frå filmar til dialog og råd, fortel rektoren.

Først er det eit elevforedrag på skulen, og seinare på dagen er det foreldra sin tur.

Foreldreforedraget skjer torsdag 2. oktober på Flora samfunnshus klokka 18.00.

Over 500 skular involvert

Sidan starten har Bruk hue-kampanjen besøkt over 500 ungdomsskular. Meir enn 150.000 elevar og om lag 30.000 føresette har fått med seg foredraga. Kampanjen er eit samarbeid mellom Telenor, Medietilsynet, Røde Kors ved Kors på halsen og Barnevakten.

Artikkeltags