Under urpremieren av teaterstykket «Du ana'kje», som er basert på skulekvardagen til Tor Henning Karlsen frå Eikefjord, får lærarar kritikk for manglande oppfølging.
Karlsen (no 35) opplevde å bli mobba gjennom grunnskule tida ved Eikefjord skule.
Utdrag frå teaterstykket:
– Eg var sterk saman med dei andre elevane. Eg berre spelte klovn. Men då eg stod på kontoret til lærarane, ja då grein eg.
– Dei meinte eg overdreiv....
– Mor mi sa til skulen at eg ikkje vart sendt tilbake før der var leveleg for meg.
– Eg fekk ikkje bytte skule.
Desse sitata er henta frå teaterstykket, der rollefiguren, gjennom sin jobb som reinhaldar, ser tilbake på tida i grunnskulen.
- Lærarar bryr seg
Dagens rektor ved skulen Torleik Stegane synest det er greitt at lærarar vert framstilt slik i stykket.
– Det er basert på Tor Hennings opplevingar og er sett frå hans side. Det må teateret få lov til å bruke.
– Fryktar du dårleg omdømme for Eikefjord skule?
– Det hadde vi nok frå før på grunn av saka, seier han.
Stegane jobba på skulen medan Karlsen gjekk der, men han var ikkje rektor som i dag. Han meiner mykje har endra seg.
Vert kursa
– Lærarane i dag er meir obs på kva dei skal sjå etter når det kjem til mobbing samanlikna med 80-talet. Det vert halde kurs, mellom anna. I dag er lærarane veldig synleg i skulegarden med gule vestar, forklarar han.
Han har ikkje inntrykk av at lærarar ikkje bryr seg om mobbing.
– Men det må skiljast mellom det som er mobbing og det som ikkje er det. Blir det for eksempel kasta snøball på vinteren er ikkje det nødvendigvis mobbing, seier han.
Foreldre ringjer
– Får du tilbakemelding om mobbing i dag?
– Det hender at vi vert oppringt av foreldre som meiner borna vert mobba. Det er ikkje hyggjeleg. Då må vi straks undersøkje saka, seier rektor Stegane.
Tor Henning Karlsen gjekk på 90-talet til sak mot Flora kommune fordi han meinte han hadde tapt undervisning grunna mobbinga.
Retten avgjorde at skulen ikkje kunne skuldast for at han vart mobba, men meinte kommunen burde tatt initiativ til å etablere tiltak mot mobbing. Karlsen fekk 100 000 kroner i erstatning.
3000 skal sjå
Sogn og Fjordane teater-sjef Terje Lyngstad håpar teateret kan bidra til å gjere mobbe-problemet meir synleg. Han opplyser at 3000 unge elevar allereie er påmeldt til å sjå stykket.
Vidaregåande elevar får moglegheit seinare.