Reklamerer for lokal mat - på bokmål

Knut P. Bøyum reagerer på ny brosjyre som skal selje lokal mat. Den er nemleg skriven på bokmål.

Knut P. Bøyum reagerer på ny brosjyre som skal selje lokal mat. Den er nemleg skriven på bokmål. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Eg kan ikkje forstå kvifor dei brukar så mykje pengar på ein fin brosjyre, og så riv alt ned att med ei målform som krasjar fullstendig med innhaldet, meiner Knut P. Bøyum.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

«En lefse med kanel, stekt på runde steketakker inne i Haukedalen, kan gjøre ettermiddagskaffen til et hverdagseventyr».

Slik heiter det i delar av ei reklamebrosjyre frå Spar og Eurospar, som skal selje lokal mat mellom anna for Urnes Gard i Luster, Signes Raspeball og Fjordameny i Gloppen.

Reagerer

Er det noko som skurrar? JAAA, fresar bonden Knut P. Bøyum så det ljomar i fjærlandsfjella.

Nynorsk-vaktaren i Sogn er igjen på farten, denne gongen mot Spar/Eurospar som i ei flott reklamesak for tradisjonsmat har skrive teksten på bokmål.

Lokalmaten er produsert av elleve småprodusentar i Hordaland og Sogn og Fjordane, eller som det heiter i brosjyren «småprodusenter av gårdmat fra lokale fjordstrøk, fruktdaler og fjellområder».

Lokal identitet

– Dei fleste lokalmat-produsentane er flinke til å bruke nynorsk for byggje identitet rundt produkta sine og føre linjene attende til lokal tradisjonsmat. Dette er bedrifter som byggjer på tradisjonar, råvarer og oppskrifter som er unike for sitt område. Dei sel produkt som er knytt til nynorsk og ikkje bokmål. Difor skjer det meg i auga å sjå at Eurospar brukar bokmål for å reklamere for produkt som sel seg på grunn av lokale tradisjonar, seier Bøyum.

Han tykkjer det heile lyder hult, og kallar det for dobbeltkommunikasjon.

Positiv til lokalmat-satsing

Men Fjærland-bonden er svært positiv til Eurospar si satsing på lokalmat.

– Dette er eit fenomenalt tiltak. Eg vil absolutt gje Eurospar ros for å satse på lokalmat og bruke midlar på å marknadsføre produkta. Eg trur at også kundane etterspør lokale produkt, og så var det så lite som skulle til frå Eurospar si side for å gjere det mykje betre.

– Eg kan ikkje forstå kvifor dei brukar så mykje pengar på ein fin brosjyre, og så riv alt ned att med ei målform som krasjar fullstendig med innhaldet, meiner Knut P. Bøyum.

På eigne nettsider marknadsfører flesteparten av dei elleve bedriftene seg med informasjon på nynorsk.

For dyrt med to målformer

– Eg er ikkje heilt ueinig i synspunkta til Fjærlands-bonden, seier regionsjef Inge Birkeland i Spar og Eurospar på Vestlandet.

– Men vi har butikkar både i boksmåls- og nynorskområde, og skulle vi hatt brosjyrar på to målformer, blir det fort snakk om kroner. Det viktigaste må vere bodskapen og at vi satsar på kortreist mat og lokale produsentar, seier Birkeland.

– Er det ikkje ei misforståing at ikkje nynorsk vil selje i bokmålsområde?

– Vi har også lokalmat-produsentar som brukar bokmål, påpeikar Birkeland som opplyser at all kommunikasjon til Spar og Eurospar går på bokmål. Den aktuelle brosjyren vert send ut på Vestlandet.

– Vil de vurdere å bruke nynorsk?

– Dette er eit innspel som vi må vurdere. Men vi må sjå det opp mot kven som er leverandørar og kvar reklamen blir distribuert. Skal vi differensiere målforma, blir det eit kostnadsspørsmål, og så må vi ha folk som kan nynorsk. Dette må i så fall gjerast skikkeleg, seier Birkeland.

Butikksjef i Førde vil ha nynorsk

Frode Årdal, daglegleiar i Sparbutikken i Handelshuset i Førde, skulle gjerne sett at brosjyren var på nynorsk.

– Vi prøver så godt vi kan å påverke, men annonsar som blir laga sentralt, er alltid på bokmål. Dei vi styrer lokalt, er alltid på nynorsk, seier Årdal som er glad for at Spar og Eurospar satsar meir på lokalmat.

Artikkeltags