Gå til sidens hovedinnhold

"Refleksert" mote?

Artikkelen er over 8 år gammel

Refleksen er teken inn i varmen av fargerike kleprodusentar. Initiativtakar til det heile er fylkesordførar Åslaug Kjelsnes.

Mote og stil er gjerne ikkje dei første orda ein koplar til den velkjende og tryggleiksskapande refleksen.

Men no skal dette snu. I alle fall om ein skal tru Moods of Norway sin nye kolleksjon, der dei tek refleksen inn i motevarmen. I deira nye kleskolleksjon er nemleg refleks nytta som eit dekorativt element. I tillegg til å vere dekorativt, vil refleksmotiva samstundes gjere anvendaren godt synleg ute på vegen i møte med bilar.

Motebevisst fylkesordførar?

Ideen og opptakten til den nye kolleksjonen vart gjort av fylkesordførar Åshild Kjelsnes for fleire år sidan, melder Firdaposten.

På denne tida var Kjelsnes leiar av Trafikktryggleiksutvalet i fylket. Ho tok kontakt med klesdesignmiljøa i Stryn som fekk snøballen til å rulle. Og Kjelsnes er nøgd med konsekvensane av kontakta:

- Viss vi lukkast med dette, vil vi ha greidd å gjere refleksbruk til noko heilt anna enn det har vore så langt, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Samarbeidsprodukt

Dei "trafikksikre" plagga, er eit resultat av eit samarbeid mellom Moods of Norway, Farmhouse og Ricco Vero i Stryn, Norsk Designråd, Reflexconsult,Trygg Trafikk og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Trygg Trafikk og Norsk Designråd kom inn i biletet saman med næringsavdelinga og dei ansvarlege for folkehelsearbeid i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Deretter vart reflekskonsulentar og ein mastergradstudent trekt inn i biletet.

Presentasjonen finn stad onsdag 6. februar i Norsk Designråd sine lokale i Oslo.