Onsdag var det offisiell start for forskingsdagane over heile landet. For å marknadsføre vart det delt ut raude sykkeltrekk til syklistar i Førde. Neste veke går forskarane på standup-scena.

Deler ut sykkeltrekk

– Det passar jo perfekt med dei bilfrie dagane i Førde, seier Ragna Lillevik, førstekonsulent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Vi møter mykje folk som har sett bilen igjen heime til fordel for sykkel.

Saman med Bente Walaker deler dei ut over 150 raude sykkeltrekk til førdianarar som har tatt sykkelen til arbeid i dag.

Forskingsdagane er eit prosjekt frå Forskingsrådet som skal vekke nysgjerrigheita til folk rundt forsking og nytenking. I Førde startar dei ikkje ordentleg før i neste veke og programmet er klart.

Ut av komfortsona

– Eitt av dei store høgdepunkta er nok «Standup + Forsking = Sant» på torsdag neste veke. Vi har pressa forskarane våre langt ut av komfortsona med å utfordre dei til å halde ti minutt kvar med standup. I tillegg kjem legen Jonas Kinge Bergland frå Latter med sitt eige show, seier Walaker.

Forskingsdagane har vore arrangert i Førde dei siste 5 åra, og kvart år blir det litt større. Aktiviteten aukar og programmet er variert.

Tilbod for barnefamiliar

Forskingsdagane er eit lågterskeltilbod. Det skal passe for alt frå barnefamiliar, til studentar og vaksne som ønskjer å vite meir om kva forskarane held på med.

Noko av det som står på tapetet er opne seminar med det siste nye frå forskingsprosjekt ved Helse Førde og høgskulen, og dessutan blir det forskingstorg på skywalken på Handelshuset.

– I år er temaet kommunikasjon. Og kommunikasjon kan jo vere så mykje, mellom anna transportmiddel. Derfor passar det ekstra godt at Førde har bilfrie dagar med fokus på sykkel, seier Lillevik.