Ras på Dalsfjordvegen

I dag startar arbeidet på Dalsfjordsambandet oppatt. Biletet er frå raset som gjekk no nyleg  like ved Eikenes, og det er steinane i framgrunnen som kom ned. Dungen i bakgrunnen har ikkje noko med raset å gjere.

I dag startar arbeidet på Dalsfjordsambandet oppatt. Biletet er frå raset som gjekk no nyleg like ved Eikenes, og det er steinane i framgrunnen som kom ned. Dungen i bakgrunnen har ikkje noko med raset å gjere. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

- Her må det reinskast og sikrast

DEL

Laurdag gjekk det ras på Dalsfjord-anlegget, 15 meter inn på den nye vegen, før bommen på Eikenes.

Ville gjordt skade

- Det kom ned 10-15 større og mindre steinar. Hadde eit slikt ras treft bilar, er det klart at det kunne gått gale, seier Steinar Bauge i Askvoll.

- Her må det reinskast og sikrast, fastslår han. På denne staden er det ikkje gjort sikringsarbeid, men han reknar med at det ligg inne i planane.

- Skogen står dessutan så tett innpå, at det heller ikkje er råd å sjå at det kjem ras, åtvarar Bauge.

Ikkje overraska

Petter Jonny Rivedal som bur i Rivedal, er blant dei som ikkje er overraska over at rasa her.

- I desse bakkane har det rasa i årevis, seier Rivedal. Han er glad for at distrikta får vegar, men meiner planleggjarane i Statens vegvesen burde tenkje annleis når det gjeld rasfarleg fjell.

- Frå Eikenes og heilt fram til brua på Otterstein burde vegen vore lagt i tunnel. Ein må vere blind om ein ikkje ser at området er rasfarleg. Vegvesenet burde lært av feila i Kjøsnesfjorden. Kor mange milliardar skal dei bruke på å prøve og feile, spør Rivedal.

Russisk rullett

- Heile halvøya mellom Dalsfjorden og Førdefjorden er sprukke fjell. Du må 50 meter inn under overflata for å finne fast fjell, seier han.

Han samanliknar det med russisk rullett å køyre på vegane i Dalsfjorden.

- Å køyre fv. 609 til Heilevang er eit lotteri. Det er tilfeldig om du blir treft av stein eller ikkje. No kan vi få same situasjon på motsett side av halvøya. seier Rivedal.

Trygt nok

Geolog Svein Helge Frækaland i Statens vegvesen seier til NRK Sogn og Fjordane at det er trygt nok å ha veg i dagen der det no gjekk ras.

– Ja, det gjer eg. Vi undersøkte fjellsida der i samband med planlegginga av prosjektet, og vi fann ikkje noko rasløp der og ikkje ferske nedfall. Vi plukka ut nokre område like aust for Eikenestunnelen, der har vi gjort noko sikrings- og reinskingsarbeid i samband med anlegget. Vi har og bygd voll under ei ur, seier han.

Men der raset gjekk laurdag, er det ikkje gjort sikringsarbeid.

– Nei, der er det litt slakare fjellside. Men vi kjem til å undersøke det som no har skjedd og gjere dei sikringstiltaka som er naudsynte., seier Frækaland til NRK Sogn og Fjordane.

Burde vore tunnel

Geolog Einar Alsaker som driv Sunnfjord Geosenter i Stongfjorden, sa tidlegare i sommar til NRK at strekninga mellom Eikenes og Otterstein er så rasfarleg at det burde byggjast ein lengre tunnel der.

Ideelt sett er Frækaland samd med Alsaker at det burde vere tunnel på strekninga.

Artikkeltags