Randi har 2000 bøker til sals

Artikkelen er over 5 år gammel

Då onkelen til Randi Nyland døydde, etterlét han seg over 2000 bøker. Sjå bildeserie og video.

DEL

– Han var veldig interessert i bøker og las mykje heile tida, seier Nyland.

I det gule huset ved Joker på Kyrkjebø budde boksamlar Aslak Haaland. Han døydde i februar ar, 98 år gammal. Nyland fortel at han hadde så mykje bøker at han stadig måtte rydde vekk gamle bøker for å få plass til seg sjølv i den vesle stova han budde i.

Sjå bildeserie av eit utval av bøkene Randi har for sal

Allsidige interesser

– Eg torer ikkje sei kva som var favorittbøkene hans, men kan tenke meg at det var alt av historiebøker, og særleg lokalhistorie, fortel Nyland.

Alle fire veggar i den vesle stova er dekte med bokhyller, sprengfylte av alle slags bøker. I tillegg står det fulle kassar og stablar med bøker på golva.

– Endå er det meir vi ikkje har fått sortert endå. Eg veit ikkje om det er 2000 bøker, men eg trur det er eit godt estimat.

Noko for kvar ein smak

Her finst fleire diktsamlingar, og heile sett av mellom anna Sigrid Undset, Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson. Han hadde mange sett med bøker om krigshistorie og leksikon, samt mykje lokal historie frå Høyanger, Førde, Fjaler, Hyllestad og fleire ulike stader.

– Ei bok han hadde er «Gamle ord og uttrykk frå Breim». Ei anna er «Musikkens historie», trass i at han fanst ikkje musikalsk.

Det ligg fleire store eventyrbøker på toppen av ei bokhylle, og ein eigen seksjon er dedikert til «Humor».

– Han var glad i humor og skodespel, og var ivrig i ungdomslaget her på Kyrkjebø, seier Nyland.

Held gjerne utsal igjen

­– Vi kan jo ikkje kaste bøkene heller. Eg håpar at andre kan finne glede i desse bøkene. Nokre av dei er så gamle at dei ikkje er i sal lengre, forklarar ho.

På utsalet som var laurdag kom det ikkje så veldig mange. Nyland trur mange heller kjøper nytt eller lånar på biblioteket.

– Men dersom det er interesse for det kan eg jo halde ope neste laurdag og. Då kan dei berre ta kontakt med meg på telefon, seier Nyland.

Artikkeltags