Råheim talar Høgre midt imot på nynorsk

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Høgres førstekandidat til Stortinget, Mathias Råheim, vil ikkje vere med på å kutte ut den obligatoriske sidemålsstilen på nynorsk, slik programnemnda i partiet har føreslege.

DEL

Går mot å fjerne sidemålsstilen

- Dette er eg djupt usamd i. Partifellar som Kåre Willoch såg verdien i at folk også lærte nynorsken å kjenne. Eg held meg til det synet, seier Råheim, som legg til:

-Lærdom er lett å bere. Det er no mi meining.

Berre byrjinga?

Førstekandidaten frå Sogn og Fjordane varslar dermed at han er budd til å yte motstand mot at partiet gjer sidemålspolitikken frå Oslo til nasjonal politikk.

-Eg er sjølv ingen språkfanatikar. Framlegget om sidemålsstilen inneheld også nyansar, sidan det trass alt ikkje handlar om å fjerne sjølve sidemålsundervisninga. Men eg er likevel skeptisk. Ungdom tek gjerne lettaste veg. Eg ser ikkje bort frå at det å fjerne den skriftlege sidemålsprøva, i praksis betyr at sidemålsopplæringa smuldrar bort, seier Råheim.

-Nynorsk er eit vel så finst språk som bokmål. Det er viktig at vi tek vare på dette språket og sikrar at unge i heile landet får kjennskap til det. Elles er eg redd for at nynorsken kjem til å døy ut, seier Høgre-kandidaten.

Ikkje urbaniseringstrekk

- Men betyr ikkje framlegget om å programfeste fjerning av sidemålsstilen at Høgre no orienterer seg meir urbant, og fjernar seg endå meir frå det bunads-Høgre vi såg for nokre år sidan?

-Det er eg heilt usamd i. Sidemålsstilen har vore diskutert i partiet så lenge eg har vore med. Det er også mange i vårt fylke som meiner at elevane burde ha rett til å velje, seier Mathias Råheim.

Artikkeltags