Pyntar bygda med skrot

Bedehuset i Balestrand får ei litt uvanleg utsmykking i desse dagar.

Bedehuset i Balestrand får ei litt uvanleg utsmykking i desse dagar. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Det som kunne hamna på dynga, blir skrudd opp på veggane.

DEL

- Vi brukar ting som folk har kassert, og dei tinga som står ute skal innby til studering, undring og refleksjon, seier prosjektleiar Elisabeth Tonheim.

Frå 15. juni til 24. juli skal utstillinga "Rustne juveler" stå i Balestrand. Det omfattar installasjonar både innandørs og ute. Utandørs blir det installasjonar på seks stader.

På husveggen

På bedehuset blir installasjonen "Det viktige måltidet" sett opp, sterkt iaugefallande. Kunstprosjektet "Rustne juveler" handlar rett og slett om skrot, frå kott og loftsrom rundt om i Balestrand. Det som folk kanskje hadde tenkt å køyre på miljøstasjonen, endar no opp som kunst.

- Tittelen på prosjektet speglar at det var verdifullt og del av folks kvardag. Tinga kan vere rustne i ordets rette forstand, eller rustne som at det er lenge sidan dei har vore brukte til noko, seier Tonheim.

Skrotet er samla inn frå heile kommunen. Tonheim fortel at folk var litt uforståande til det i starten, for dei såg ikkje heilt føre seg kva skrot det var snakk om.

- Nokre kan reagere med at skrot ikkje kan vere kunst?

- Det kjem an på auget som ser, og dei assosiasjonane og kjenslene det bringer, seier Tonheim, som meiner at mange kan ha eit forhold til ein gjenstand og kjenne den att, men reaksjonane kan vere ulike.

- Folkeleg

Balestrand har lange tradisjonar for kunst og utstillingar, og i dette prosjektet har terskelen for prosjektet vore veldig låg.

- Alle kan delta, og vi har prøvd å gjere det folkeleg. Vi fekk godt med førespurnader frå folk som ville gje frå seg ting, seier Tonheim.

Fire kunstnarar og tre skuleklassar har brukt skrotet som utgangspunkt i nye kunstverk. Utstillinga opnar laurdag 15. juni på Bøyum i Balestrand sentrum.

Artikkeltags