Psykiatri i landstoppen

HØG KVALITET: Trond Aarre (t.h. i mørk dress) og personalet ved Nordfjord psykiatrisenter får landets beste tilbakemeldingar på tilbodet og arbeidet sitt. Fotoet er frå dåverande helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsens besøk på Eid i mai 2010.

HØG KVALITET: Trond Aarre (t.h. i mørk dress) og personalet ved Nordfjord psykiatrisenter får landets beste tilbakemeldingar på tilbodet og arbeidet sitt. Fotoet er frå dåverande helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsens besøk på Eid i mai 2010. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Fruktene av meir enn 20 års arbeid.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Dei distriktspsykiatriske sentera i fylket hevdar seg godt i ei landsomfattande kvalitetsundersøking. Nordfjord DPS kjem best ut i heile landet.

Indre Sogn DPS kjem på tiandeplass, medan Psykiatrisk Klinikk i Førde blir rangert som nummer 24 av 78 i undersøkinga, der fastlegane har vurdert dei distriktspsykiatriske sentera som har ansvar for generell vaksenpsykiatri.

Samarbeid med kommunane

– Nordfjord DPS er igjen best, og viser at dei har jobba i lang tid m.a. med å få ned talet på senger, og auke aktiviteten på ambulant og poliklinisk verksemd. Nordfjord DPS har også flinke fagfolk som tidleg såg at eit godt samarbeid med kommunane er eitt av kriteria for eit godt tilbod, seier klinikkdirektør Ole Chr. Reusch til Helse Førdes nettside.

Avdelingssjef Trond Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter seier det gode resultatet i kvalitetsundersøkinga er fruktene av meir enn 20 års arbeid.

– Vi har lagt vekt på å ha eit tillitsfullt og nært samarbeid med kommunane, og ser at det ber frukter, seier Aarre til Fjordabladet.

Godt nøgd

Klinikkdirektør Reusch er på si side godt nøgd også med plasseringane til dei to andre distriktsmedisinske sentera.

– Indre Sogn psykiatrisenter jobbar godt og målretta, og har flinke fagfolk. Psykiatrisk Klinikks plassering er også bra, men speglar nok av at bemanninga ikkje har vore god nok i høve til pasienttalet, meiner Reusch.

I undersøkinga har fastlegane vurdert kvaliteten på dei distriktspsykiatriske sentera innanfor sju område: Bemanning, kompetanse, rettleiing, tilvisingar, epikriser, ventetid og akutte situasjonar.

Artikkeltags