– Problemet er haldningane, ikkje prisen

Dumping av kattungar kjem av at folk har for dårlege haldningar til dyr, meiner veterinær Terje Negard.

Dumping av kattungar kjem av at folk har for dårlege haldningar til dyr, meiner veterinær Terje Negard. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Veterinærar i Hordaland set ned prisane på kastrering og sterilisering. – Kattedumping har ingenting med prisen å gjere, meiner veterinær.

DEL

I sommar har både Firda og BA skrive om kattar som vert dumpa av eigarane sine i ferien.

Som følge av slike saker køyrer veterinærar i bergensområdet i august og september ein kampanje med sterkt rabatterte prisar på kastrering av kattar, skriv BA.

Håpet er at lågare prisar på kastrering og sterilisering vil få fleire dyreeigarar til å nytte tilbodet og dermed hindre fleire uønskte kattungar.

Haldningar, ikkje pris

På smådyrklinikken ved veterinærkontoret i Førde er det ikkje aktuelt å innføre tilsvarande kampanjar.

– Vi får stadig spørsmål om dette frå dei som jobbar med omplassering av kattar, men vi må kunne ta ein skapeleg pris for våre tenester slik at vi kan betale våre tilsette, seier veterinær Terje Negard.

Negard meiner at prisane uansett ikkje er årsaka til problemet med kattedumping.

– Problemet er ikkje våre prisar. Problemet er haldningane folk har til dyr og til kva det vil seie å ha kjæledyr, seier Negard.

– Minimalt problem

Negard meiner at kattedumping er eit minimalt problem i området dei dekker, og at folk her stort sett viser at dei skjønar kva ansvar det inneber å ha husdyr.

Bettina Astor, som leiar Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, er ikkje einig i at kattedumping er eit uvesentleg problem i fylket.

– Vi får inn mange kattungar kvar sommar, men kor mange av desse som har vore utsett for dumping, er uklart, seier ho.

Låg sosial status

Slik Astor ser det, er kattedumping eit samansett problem der både haldningar og prisar spelar inn. Det høge talet på kattar er eitt av hovudproblema.

Kvart år vert det fødd kring 60.000 kattungar i Norge, men berre kring 20.000 av desse får ein god heim. Resten vert avliva eller dumpa, ifølgje Dyrebeskyttelsen.

– Kattar har for låg sosial verdi. For å heve verdien, må det bli færre kattar. Der er kastreringskampanjar med lågare prisar i ein periode eit effektivt verkemiddel for å få bukt med ein situasjon som er ute av kontroll, seier Astor.

At haldningar må endrast, seier Astor seg heilt einig i.

– Mange forventar at ein katt ikkje skal koste noko, men det er klart den skal det. Kastrering og ID-merking er eit minstekrav for dei som har katt.

Artikkeltags