Pris til Unni Løvlid

Artikkelen er over 15 år gammel

Ivar Medaas-prisen for 2003 går til «honndalstausa» Unni Lø vlid. Ho får den nasjonale prisen for kulturarbeidet sitt som juryen meiner styrkjer den nasjonale kulturen vår.

DEL
Felespelar, honndalstaus og Fjøgl-medlem Unni Løvlid var eit sjølvsagt val då juryen for Medaas-prisen skulle finne ein vinnar av prisen for 2003. Unni Løvlid er ung, og ho ivaretek lokal kulturarv, noko som er to av hovudkrava for tildelinga av prisen. Løvlid skal motta prisen under «Syng med oss»-konserten i Grieghallen søndag 16. november. Prisen er ein plakett og ei pengegåve på 10 000 kroner.

Artikkeltags