I konkurranse med 405 nominerte er Preben Moen (23) er kåra til vinnar av leiarprisen Helt Sjef. Kåringa har skjedd blant unge leiarar under 30 år, og leiarane er henta frå både polititiske parti, organisasjonar og næringsliv.

Det største som har skjedd

Moen er dagleg leiar på Gloppen Hotell på Sandane i Sogn og Fjordane, eit ansvar som vart lagt på hans unge skuldre då far hans døydde brått og uventa natt til skjærtorsdag i fjor.

– Eg måtte berre hoppe i det utan heilt å tru på at det skulle gå bra, for etter planen skulle eg ikkje ta over drifta av hotellet før i 2016. Denne kåringa er ei stadfesting på at eg må ha gjort noko rett, og prisen er ein veldig sterk motivasjon for vidare satsing, seier Moen som fekk vite om kåringa sist fredag.

– Dette er heilt fantastisk og det største som har skjedd meg! seier Moen til Firda på telefon frå Oslo, der prisen vart delt ut under eit frukostmøte hjå Lederne. Prisen vart delt ut av Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

Spratt champagnen

Han fortel at det har vore vanskeleg å halde kåringa for seg sjølv, sidan prisutdelinga ikkje var før i dag.

– Eg vart heilt usannsynleg glad då eg fekk vite at eg hadde vunne, og fekk lyst til å feire. Resultatet vart at eg spratt ei flaske god champagne, men problemet var at eg ikkje kunne fortelje dei eg delte champagnen med kva vi feira.

– Har du ikkje fortalt det til nokon?

– Jo, dette var så viktig at eg berre måtte fortelje det til mor mi, for ho er utruleg viktig for meg!

Ei ubeskriveleg god kjensle

For Moen har det ikkje heilt gått opp for han at han har vunne, og at det heile verkar litt fjernt.

– Men eg har ei ubeskriveleg god kjensle, og er veldig glad og takksam for alle som har støtta meg, seier han og legg til at han ikkje heilt har bestemt seg for kva prispengane på 10.000 kroner skal nyttast til.

Har stadig nye idear

I tillegg til pengepremien får Moen òg ei inspirasjonsreise, samt eitt års oppfølgjing av leiartrenaren Alf Inge Stiansen.

– Eg har stadig nye idear, og er i gang med å avslutte etableringa av Gloppen Brygg AS og Gloppen Mat AS som skal smeltast saman til eitt konsept i lag med Gloppen Hotell AS.

Moen, som seier han innimellom kan bruse over og ta heilt av, håper leiartrenar Stiansen skal våge å bremse han når det kokar som verst.

– Eg håper Stiansen òg kan hjelpe meg med å smelte saman og utvikle Gloppen Hotell, Gloppen Brygg og Gloppen Mat til ei merkevare.

Hotelldrift er livsstil

– Veit du kvar inspirasjonsreisa skal gå?

– Eg har høyrt rykte om Stockholm, men har ikkje fått sikker informasjon om det. Draumen er ei reise til California, sidan kjærasten min flytta dit i juni.

– Kva trur du at du kjem til å bruke prispengane til?

– Som sagt har eg ikkje heilt bestemt meg, men eg driv stadig og vidareutdannar meg. Det kostar pengar, og 10.000 kroner kan vere ein god start på eit nytt fagkurs. For Gloppen Hotell er heile familiens baby som aldri vert heilt vaksen. Å drive hotell er ein livsstil, slår den nybakte prisvinnaren fast.