Populære kvinner

Lillian Vedvik er ein av dei sju kunstnarane som har teke turen frå Fredrikstad til Jølster, for å stille ut kunsten sin. Salsutstillinga ?Eureka? står på Jølstramuseet ut september

Lillian Vedvik er ein av dei sju kunstnarane som har teke turen frå Fredrikstad til Jølster, for å stille ut kunsten sin. Salsutstillinga ?Eureka? står på Jølstramuseet ut september Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Dei kunstinteresserte kundane stod i kø for å kjøpe keramikken hennar på laurdag. Lillian Vedvik innser at ho var for beskjeden då ho pakka bilen til utstillinga på Jølstramuseet.

DEL

– Eg har kjøpt ei av damene dine, den som står der borte i hjørnet, seier Ragnhild Myklebust idet ho set seg ned ved bordet for å helse på kunstnaren.

– Eg har tre syngande damer heime frå før: ei operadame som syng for livet, ei som gjer sitt beste og ei meir klassisk utforma kvinne. Dama di syng ikkje, men eg tenkte ho skulle få lyse og syne veg for dei andre songarane, fortel Myklebust levande til kunstnaren Lillian Vedvik.

Det er stor rift om kunstverka hennar, og etter ein halvtime er fleire av objekta allereie seld. Fleire interesserte kjem bort til Lillian for å høyre om ho har fleire «damer» med i bagasjen.

Stort spekter

Saman med verka til seks andre kvinnelege kunstnarar utgjer keramikken til Vedvik den nye salsutstillinga «Eureka» på Jølstramuseet.

Opphavleg er Vedvik frå Høyanger, men er no busett i Fredrikstad der ho driv eige galleri og verkstad i Gamlebyen. Keramikken hennar strekk seg frå det sarte, perlemorsskimrande til det røffe og grove.

Skulpturar, både abstrakte og menneskeliknande, kvite og skimrande kvinner i 20-talskjolar, gullfarga kunstfat og telyshaldande alvar er nokre av uttrykka hennar. Særleg populære er telys-damene hennar, eller alvane som ho sjølv vel å kalle dei. Keramikar Lillian Vedvik nyttar ein stor palett i kunstnaryrket sitt.

Frå fingrar til produkt

– Eg har alltid vore ei kreativ sjel. Tidlegare let eg det komme ut i dei nære omgivnadene; interiøret på heimebane mellom anna, samt mindre måleprosjekt, fortel Lillian Vedvik-

Etter ei kursinnføring i keramikk, fann ho ut at dette var eit uttrykk ho ønskja å utforske nærare.

– Det er kort veg frå fingrane til det ein formar. Med keramikk som uttrykksform, ser ein resultata med ein gong. Det høver godt til ei utolmodig sjel som meg sjølv.

Tok tid

Det tok likevel tid før Vedvik turte å satse på det kreative interessefeltet sitt.

– Eg torde ikkje å satse på eit kunstyrke medan ungane var små; det gjekk berre ikkje for ein eineforsørgar.

Men for ti år sidan var ungane så gamle, at ho økonomisk turte å bevege seg inn i kunstverda for fullt. Ho vart ein del av Bastion 5; ein kunstverkstad situert i forsvarsbygningane i Gamlebyen i Fredrikstad. Her har kommunen satsa på kunst og kultur innanfor dei gamle murane.

– Eg er litt stolt av at eg klarer å leve av dette, utan statleg støtte eller stipend av noko slag. Eg vert ikkje rik av å drive med keramikk, men eg trivst godt med det eg gjer, fortel Vedvik.

Artikkeltags